Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Sommarhelsing frå skulefagansvarleg

Skuleåret 2016/17 har vore rikt på hendingar for Forsand skule. Eg byrja som innleidd skulefagansvarleg i august 2016 for å styrke den skulefaglege kompetansen på kommunalt nivå. Som  alle skular har Forsand skule sine sterke og svake sider. Kommunestyret har hatt eit sterkt ønske om å vidareutvikle ein god skule. Derfor vart det i juni 2016 gjort vedtak om å setja i verk prosjektet «Den gode skulen i Forsand». 

Prosjektgruppa har særleg arbeidd med å styrka dialogen og samarbeidet mellom alle partar i skulen, og spesielt heim-skule samarbeidet. Det har blitt laga eiga plan for dette samarbeidet, som du nå kan finne på skulen si heimeside.

Arbeidsperioden for prosjektgruppa er over, og gruppa har lagt fram ein rapport til kommunestyret  med desse konklusjonane: 

For å utvikle ein god skule på Forsand bør ein:

  1. Styrkja samarbeidet mellom partane i skulen gjennom gjensidig forplikting
  2. Utvikla gode system for informasjonsfly
  3. Få på plass overordna verksemdsplan og årlege handlingsplanar, lagt ut på heimesida 
  4. Leggja vekt på godt tilpassa og variert undervisning der og elevane har medverknad
  5. I større grad utvikla felles system, prosedyrar og praksis, lagt inn i skulen sitt årshjul, tilgjengeleg på heimesida
  6. La samarbeidsutvalet (SU) vera ein sentral arena for utviklingsarbeid, drift og samhandling
  7. Skulen må aktivt søkja samarbeid med andre skular

Heile rapporten frå prosjektgruppa «Den gode skulen i Forsand» kan du finne her: Rapport Den gode skulen 2016-17.

I junimøta i Forsand kommunestyre og Sandnes bystyre vart det vedteke ein samarbeidsavtale som inneber at Sandnes kommune blir vertskommune for Forsand skule. Det er det orientert om i eiga sak på denne heimesida.

Elles vil skulen frå hausten 2017 starta opp med ny skuleleiing. Arbeidet med å finna ny rektor til skulen er godt i gang Så snart det er klart kven det blir vil de finna informasjon om det på heimesida. Bjørn Kenneth Høllesli er alt i gang som inspektør på skulen, og vil halda fram i den jobben til hausten.

Eg vil takka alle tilsette for vel utført arbeid dette skuleåret, FAU og foreldre for godt samarbeid og konstruktive innspel, og medlemmane i prosjektgruppa for inspirerande samarbeid. Men mest av alt ein stor takk til Ingunn Varhaug og Ingeborg Søyland som gjennom mange år har lagt ned stor innsats for heile skulemiljøet i Forsand. Eg er imponert!

Eg ønskjer dykk alle ein fin sommarferie, og velkommen tilbake til nytt spennande skuleår i 2017/18.

Ragnvald Riis
Skulefagansvarleg