Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Ny rektor og god sommar

Forsand skule har fått ny rektor. Monica Helgøy kjem frå Tau ungdomsskole der ho har vore lærar, trinnleiar og vikarierande inspektør. Personalet fekk helse på henne på planleggingsdagen etter at elevane hadde tatt sommarferie, og ho startar i den nye jobben 1. august.

Me vil allerede nå informere om at det blir oppstartmøte for FAU og foreldrekontaktane torsdag 31. august men først av alt vil også eg ønske alle elevar og foreldre/føresette ein riktig god sommar. 

Bjørn Høllesli, inspektør

God sommar!