Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Sommarhelsing frå rektor

Nå er det sommarferie og skulefri. Mange er glade for at det er tilfelle og kjenner på at det er veldig greitt å ha late dagar.

Eit strevsamt skuleår ligg bak oss. Mykje læringsarbeid er gjort og alle har meir kompetanse enn dei hadde i fjor på mange områder. Me veit at mange har hatt det kjekt på skulen, og andre har ikkje hatt det fullt så greitt. Det har vore ein heil del å jobba med utanom det faglege. På skulen ser me mange elevar som fyller elevrolla si på god måte, medan andre har litt å gå på før dei er heilt der. Stor takk til alle foreldre som har følgt opp barna sine, både med lekser og åtferd.  

Som kjent har me hatt størst utfordring i fjerde klasse. Kontaktlærarane og dei andre vaksne på klassen har jobba veldig godt med elevgruppa. Nå fram mot sommaren har dei hatt uteskule fleire dagar i veka, noko som elevane har hatt godt sosialt utbytte av. Det har hatt høgaste prioritet å få til ei velfungerande gruppe. Det har me lukkast med. Skulen har hatt veldig god fagleg rettleiing av både PPT Midt-Ryfylke og GB reflektor, og det er me veldig glade for.  

Satsingsområdet i år har vore lokalt læreplanarbeid inkludert rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Me held fram med det lokale læreplanarbeidet ut kalenderåret. Det er eit stort arbeid som lærarane har vist entusiasme i og som me ser er veldig nyttig.  

5-dagars skuleveke er blitt jobba med ei stund nå. Frå politisk hald har det kome innspel og det blir laga sak til kommunestyret. Siktemålet er å starta 5-dagars veke frå hausten 2017 dersom kommunestyret vedtar dette. Dersom du har synspunkt på denne saka, ta det opp med FAU. Saka skal ut på høyring.  

Me ønskjer 10. klasse lykke til i vidaregåande skule! Dei har vore flotte ungdomsskuleelevar. Stor takk til elevrådsrepresentantane Aline og Toralf.  

På vegne av alle tilsette på skulen vil eg ønskja både elevar og foreldre/føresette ein riktig god sommar. Me håpar på sommarver og moglegheit for å vera mykje i aktivitet ute. Så er det veldig lurt å lesa litt dagleg for å halda den kompetansen ved like.  

Første skuledag etter sommaren er torsdag 18.08. kl 08.15.  

Ingunn Varhaug rektor