Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiaren vår er Ester Thorsen

Telefon: 527 92 310   |  Mobil: 489 92 677 

 

Ester har fast frammøtetid på Marvik skule, ca. ein dag i månaden. På skulen held Ester til på "solrommet" i 2. etg, men ho er også ute i friminutta saman med elevane. Elevane kan i løpet av dagen oppsøka ho sjølv når dei ønskjer. Ho har også kontakt med dei fleste klassetrinna i løpet av året gjennom ulike oppgåver, samt oppfølging av enkeltelevar. Foreldre og anna skulepersonell kan også kontakta helsesjukepleiar om ønskjeleg.
I tillegg til helsesjukepleiar består skulehelsetenesta av blant anna skulelege. Skulelegen møter alle elevane gjennom helsekontroll før skulestart. Seinare er skulelegen medisinsk rådgjevar for skulehelsetenesta. Helseproblem hjå elevane skal følgjast opp av fastlegen.

Barne- og familieteamet har eit tett samarbeid med helsestasjonen. Dei skal særleg ha kontakt med barn og/eller foreldre med psykiske lidingar eller anna langvarig sjukdom der barn treng ekstra oppfølging, eller ved samlivsproblem og andre situasjonar der familien treng støtte.


PROGRAM FOR SKULEHELSTENESTA, SULDAL KOMMUNE
Skulestart Helsekontroll av førskuleeleven v/ helsesøster og lege. Syn/hørsel / høgde / vekt / samt
 1. klasse Samtale med kontaktlærar, evt. oppfølging av enkelte elevar. Evt. delta i ‘Zippys venner’, etter avtale med kontaktlærar.
 2. klasse Vaksine mot polio, difteri, kikhoste og stivkrampe. Eleven vert innkalla saman med foreldre/foresatte. Samtale om helse, trivsel eller anna foresatte/eleven vil ta opp.
 3. klasse Høgde/vekt
 4. klasse Gruppesamtale m/elevene Tema: kosthald, fysisk aktivitet. Delta på klasseforeldremøte, etter avtale med kontaktlærer
 5. klasse Gruppesamtale om pubertet gutte/jentegrupper. Psykologisk førstehjelp.
 6. klasse Vaksine mot meslingar, kusma og røde hunder.
 7. klasse Undervisning/samtale om rus/tobakk med politi + SLT. Vaksine mot humant pappilomavirus (HPV), gjeld jentene.
Vaksinering skjer både på skulen og på helstasjonen. Innkalling til dette vert sendt til heimen.