Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
IKT i skulen

Nokre grunnleggjande ferdigheiter er nødvendige forutsetningar for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. I læreplanen er desse definert som å kunne lese, rekne, uttrykkje seg muntleg og skriftleg, og bruke digitale verktøy.

Les mer om grunnleggende ferdigheter

 

På Marvik skule brukar vi ulike typer utstyr og programvare/nettjenester for å øve opp elevanes digitale kompetanse. Det er eit mål at bruk av IKT skal inngå som ein naturleg del av undervisninga. På 4. trinn testast elevane gjennom kartlegging av digitale ferdigheter. Elevane bruker pc når dei gjennomfører nasjonale prøver på 5. trinn og når dei gjennomfører elevundersøkelsen på 5., 6. og 7. trinn.

Kompetansemål er skissert i IKT-planen for skulane i Suldal.

 

KVIFOR BRUKE DIGITALE LÆREMIDLER?

Nyare forskning viser positive effekter av å bruke IKT og digitale læremidler i undervisninga i grunnskulen. Digitale læremidler brukast difor for å variere og differensiere undervisninga og motivere elevane. Nokre digitale læremidlar kan hjelpe med å frigjere tid som lærarane kan bruke til mer elevoppfølging.

Bedre differansiering og tidsbesparelser

Digitale læremidler som kan tilpassast behovet til klassen som heilheit og/eller den enkelte elev har ein differansierande funksjon. Det kan for eksempel være muligheit til å justere vanskelighetsgrad, omfang og presentasjonsformar. Digitale læremidler er gjerne enkle å navigere i. Dette bidrar til at elevane arbeider meir sjølvstendig. Det frigjer lærarens tid slik at dei kan fokusere på dei elevane som har treng det mest.

Motivasjon og aktive elevar

Digitale læremidler er motiverande å jobbe med for elevar fordi dei tilfører noko meir gjennom eit godt samspel av fargar, lyd, bilete, film m.m. Læremidlane har gjerne ein variasjon i oppgåvetyper og bruk av multimedia. Elevane opplever læringa som meir leikprega når det skjer i form av spel-liknande oppgåver med estetisk tiltalande design. Det er også eit viktig element at dei digitale læremidlane gir umiddelbar respons, slik at elevane veit at dei er på rett spor og hjelpast vidare på sitt nivå. IKT kan vere med på å gjere elevar aktive. Det er ikkje slik at all bruk av teknologi passiviserar elevane slik at dei blir sittjande stille foran ein skjerm. Gjennom bruk av GPS og mobilteknologi har vi sett at elevar kan vere aktive og lære ute.

Kompetansar for det 21. århundret

Læring skjer best der eleven er aktiv sjølv. Vi snakkar gjerne om at elevane skal tilegne seg kompetansar for det 21. århundret. Det er for eksempel sentralt at dei blir flinke til å kommunisere og samarbeide, kreative og nytenkande, samt at dei evner å tenke kritisk og være problemløysnde. Digitale læremidlar egner seg godt til å arbeide med og utvikle desse kompetansane. Eksempler på dette kan vere verktøy for digital kommunikasjon og samskriving m.m. Enkelte digitale læremidlar bidrar til autentisitet og gjer undervisninga meir virkelighetsnær. Ved for eksempel å bruke digitale nyhetssendingar tilrettelagt for skulane henter vi verden inn i klasseromma og gjer undervisninga meir virkelighetsnær.

Les meir om kompetansar for det 21. århundret.

ULIKE TYPER DIGITALE LÆREMIDLAR

Repeterande læremidlar er laga for trening av enkle rutiner, prosedyrer og/eller fakta (for eksempel bokstavgjenkjenning, rekning og ordforråd). Dei er bygget opp omkring kontekstuavhengig, formalisert kunnskap og strukturerte problemer, som kan kodast ut fra en binær logikk, for  eksempel  sann/falsk eller riktig/feil.

Ein annan type digitalt læremiddel er dei formidlende. Desse er designet for formidling av generalisert og komprimert kunnskap. Dei liknar ofte ein digital versjon av eit lærebokssystem, ettersom dei ivaretar dei same funksjonane i undervisninga med forslag til oppgåver og organisering av undervisning, formidling til elevar og lærarstøtte og veiledning.

Stillasbyggande læremidlar er designet for å bygge eit stillas rundt elevanes refleksjonsarbeid. Dei kan ligne formidlande læremidlar, ettersom dei ivaretar noko av dei same funksjonane i undervisninga, men dei skiljar seg ved at dei støttar opp om ein annan type strukturar i undervisninga, som sett eleven i sentrum som den aktive og gir lærar og læremiddel rollen som den responsive part. Det kan for eksempel vere i form av ein interaktiv assistent eller eit interaktivt dilemmaspill.

Den fjerde kategorien digitale læremidler er praksis-støttande læremidler. Dei er designet for å støtte elevane (oftast i grupper) i å løyse ein virkeligheitsnær, ev. simulert oppgåve.

VERDEN STÅR FORAN OSS SOM EIN MUR AV MULIGHEITER

Professor Arne Krokan fra NTNU er ein målbærar av utfordringane skular har med å ta i bruk teknologi i undervisninga på ein god måte. Teknologien utfordrar alle skuleslag, gir nye tilnærmingar til læring, utvidar måten læringsressursar byggast opp på og korleis dei takast i bruk av motiverte elevar/studentar.