Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 52790840/52790841 Send e-post til oss
Redaktør: Ingrid Schibevaag
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2017><<
november 2017
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930010203
04050607080910
Skuleguide

I denne artikkelen har vi laga ein alfabetisk oversikt over ting du bør vite om på Marvik skule. For ein bedre innsikt i skulekvardagen kan du sjå over alt som er beskrevet på sida.

Er du kun på jakt etter spesifikk informasjon har vi sortert alfabetisk slik at det skal være lettere å leite seg fram. Ein del punkter har også lenker til meir informasjon om tema på nettsida vår eller eksternt.

Bli med andre heim

Når elevane skal vere med kvarandre heim skal dette avtalast heimafrå. Skulen tillater ikkje elevar å låne telefon for å ringe mamma eller pappa for å be om å få bli med andre heim etter skuletid. Melding skrivast visst eleven skal dra frå skulen på annan måte enn vanleg.

Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken er ein nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i skulen får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Satsingen forutsetter eit samarbeid mellom kultur- og skulesektoren. 

Elevsamtalar

Det skal gjennomføres minst to elevsamtalar mellom kontaktlærer og elev i løpet av kvart skuleår. Elevsamtalen tar utgangspunkt i kva barnet vil og kan, kva det ønsker og drøymar om, kva det har lyst til å lære og kva det strevar med. Elevsamtalen gjennomførast i skuletida.

Faddere

Elevar på 7.trinn er faddere for elevar på 1.trinn. Frå førskuledagen og spesielt fyrste skuleår har 1. og 7. trinn felles aktivitetar for å gjere dei nye elevane trygge i skulemiljøet.

Ferie- og fridagar

Det som populært kalles skuleruta, og som ikkje må forvekslast med skuleskyss er oversikta over skuleårets ferier og fridagar. Oppdatert oversikt publiserast på nettsida til oppvekstsektoren i Suldal kommune.

Foreldrekonferansar

Foreldrekonferansane er ein unik muligheit til å få direkte tilbakemelding og dialog med kontaktlæraren med hensyn til barnets styrker og utfordringar. Det arrangerast to foreldrekonferanser mellom foresatte og kontaktlærer kvart skuleår - ein på hausten og ein på våren. Det er naturleg at eleven er med på ein av desse. Konferansane har ein varigheit på inntil 20 minutter. Det skal fokuserast på elevens sterke sider. Sosial situasjon og oppførsel, fagleg ståsted, kva som er viktig å jobbe med fremover, eventuelle avtalar og oppfølging blir også gjennomgått.

Foreldremøter

Det skal holdes eit foreldremøte i kvar klasse raskt etter skulestart. Foreldremøtene skal planlegges i samarbeid mellom kontaktlærar og foreldrekontaktane. Foreldremøtene kan bl.a inneholde:

  • Omtale av klassemiljøet. 
  • Læraren fortel hva som kjenneteiknar aldersgruppa på det trinnet dei befinner seg på. 
  • Fagleg presentasjon med fokus på korleis skulen jobbar med grunnleggjande ferdigheiter og korleis heimen kan støtte opp om barnets utvikling heime. 
  • Forventningar til foreldre og elevar angåande lekser, arbeidsinnsats, å møte presis, oppførsel o.l. 
  • Informasjon om “Zippys Venner”. 
  • Informasjon om skulens heimeside og korleis den brukast av skulen og bør brukast av heimen. 
  • Informasjon om leirskuleopphold i for 7.trinnet. 

Forsikring

Barna er forsikret mot ulykkesskadar i skuletida og når dei deltek på ekskursjon, reiser, stevner og lignande i skulens regi. Dei er også forsikret på skuleveien og i SFO-tiden.

Fri fra skolen

Oppvekstsjefen i Suldal oppfordrar foreldre/foresatte til, i størst mulig grad, å benytte ferier/fridagar som er fastlagt for skuleåret. Dersom det skal takast ut fridagar utover vanleg skulefri, skal det søkast skriftleg om dette. Ved søknad om fri/permisjon, brukst skulens søknadsskjema. I følge Opplæringsloven §2-11, kan det gis permisjon for inntil 10 skoledagar i året. Det er foresattes ansvar at eleven får gjort skulearbeid ifølge avtale med kontaktlærer i den perioden som det søkast fri for.

Gymnastikk, gymtøy, dusjing

For trinn 1-3 er det ikkje satt av tid til dusjing og skifting av tøy. Det oppfordrast derfor til at barna har lett tøy på dagar med gym. For trinn 4-7 forventes det at man bruker gymtøy og dusjer.

Innesko

Det kan vere greit at barna bruker sandaler/innesko. Elevar tillatast ikkje å springe på strømpene ute. Ved ein ev. brann er det også svært viktig at barna har fottøy på seg inne, spesielt om vinteren, da evakuering må skje raskt og man ikkje kan regne med å kunne stoppe opp i gangen for å finne uteskoa.

Kunnskapsløftet

Dette er læreplanen for grunnskulen og videregåande opplæring. Målet for Kunnskapsløftet er at alle elevar skal utvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetanse for å kunne ta aktivt del i kunnskapssamfunnet. Norsk skule er ein inkluderande skule der det skal vere plass for alle. Alle skal få dei same muligheitene til å utvikle sine evner. Kunnskapsløftet skal bidra til å sikre tilpassa opplæring for alle elevar og legge økt vekt på læring.

Leirskole

For 7. trinn arrangerast leirskule på Gullingen på forsommeren med fire overnattingar.

Lus

Kvart år blir elevar på mange skuler og barnehagar smitta av lus. Smitten er heilt uavhengig av hygiene. Jo lenger eit barn går med smitte før det blir oppdaget, jo større sjanse er det for at familie og vennar blir smittet og igjen fører smitten vidare. La oss alle ta ansvar for å gjere smittepresset så lite som mulig ved å:

  • Undersøke barna grundig når det sendes ut lusevarsel (og helst jevnlig ellers også). 
  • Varsle skulen når lus blir oppdaga og behandle ifølge retningslinjer. 
  • Varsle helst også nærmaste vennar som kan vere smittet, så unngår man forhåpentligvis å bli smittet tilbake etter behandling. 

Merking av tøy / gjengløymte ting

På ein skule med mange ivrige elevar, kan ting fort komme vekk fra sin riktig plass. Merk derfor alt av klede med navn. Då kan ting på avveie lettare finne tilbake til riktig eigar og du sparar skulen og deg sjølv for unødig arbeid.

Gjengløymt tøy samlast på eit bord i inngangspartiet til skulen.

Mobbing

Trivsel og vennskap er forebyggande mot mobbing. Alle elevar, lærarar og foresatte har eit felles ansvar for dette i og utenfor skulen. Mobbing, diskriminering og rasisme er uakseptabelt ved Marvik skule. Ta kontakt med kontaktlærar eller sosiallærar ved mistanke om uønska hendelsar.

Mobiltelefon

På skulen er bruk av eigen mobiltelefon eller mp3-spelar ikkje tillatt i skuletida.

Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT)

PP-tjenesten er sakkyndig organ der skulane, barnehagane og foreldrene/dei foresatte kan søke hjelp og råd om forhold som har med trivsel, utvikling og opplæring å gjere. PP-tjenesten samarbeidar med lærarar / førskolelærarar, med helsesøster, lege, og med andre som har med barn og unge å gjere. Fyrste kontakt med PPT skjer via kontaktlærar.

Refleks

Når det er mørkt, spesielt i dei mørkaste månedane november - februar, oppfordrast elevane til å bruke refleksvest eller annan refleks på vei til/fra skulen. Dette gjelder også visst man ventar på skulebuss. Refleks reduserar risikoen for å bli påkjørt i mørke med 85 prosent. 35 prosent av alle fotgjengerulykker skjer i mørket. Berre 5 prosent av fotgjengarar som blir påkjørt og skadd bruker refleks. Går du utan refleks i mørke, vil ein bilførar som køyrer i 50 km/t ha to sekunder på å oppdage deg.

Skuledagen / Vekeplan

Vekeplanar for kvart trinn publiserast her på skulens nettside på trinnets eigen side. Her står vekas lekser oppført og ulike beskjedar fra lærarane for eksempel mht. fag og aktivitetar som krever ekstra utstyr til eksempelvis turdag, gym, symjing og anna.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ein del av det tverrfaglege samarbeidet på skulen som driver helsefremmande og forebyggande arbeid i skulen. Dette gjerast ved rådgivande virksomheit i helsespørsmål. Skulehelsetenesta  forebygger smittsomme sjukdommar og ved å følgje opp den enkeltes vaksinasjonsstatus. Elevane får skriftleg innkalling til alle helseundersøkelsar og vaksinar. Skulehelsetenesta har taushetsplikt og gir ikkje ut personopplysningar om elevar uten samtykke frå foresatte. Elevar med spesielle behov blir fulgt opp og ev. henvist til andre instansar i samråd med foresatte. Elevar, foresatte og lærarar kan henvende seg til helsesøster ved behov.

Skulemelk

Skulen legger til rette for skulemelkordning til alle elevar. Foresatte bestiller sjølv via nettportalen skolemelk.no. Ved å registrere ein brukar og logge seg på kan man sjå dei aktuelle produktane som tilbys på skulen.

Skuleskyss

 

Sjukdom

Ved sjukdom skal det gis beskjed til skulen mellom kl. 07:45 og 08:15. Enten direkte til kontaktlærar eller til kontoret på telefon 52 79 08 40. Er barnet borte og det ikkje er gitt beskjed blir heimen kontakta. Dette er ein tryggheitsordning fra skulens side, slik at man forsikrast om at det ikkje har skjedd noko på skuleveien.

Symjeopplæring

Skulesymjing foregår i Saudahallen der elevane fraktast med buss. 1.-5. trinn har symjeopplæring kvart år.

Årshjul

Her på skulens nettsider leggast det ut ein kronologisk oversikt over skulens aktivitetar. Les den og få eit bedre innblikk i kva elevane får vere med på.