Meny
Velg seksjon FAU
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 52790840/52790841 Send e-post til oss
Redaktør: Ingrid Schibevaag

Skulen har etter ønske frå elevane fått tilbod frå University om kjøp av skulegenser. FAU er einig om at dette skal vere eit frivillig tilbod til alle elevane. Tilbodet står mellom genser, hettegenser og jakke. Elevane får i dag (30.10.2017) med seg eit bestillingsskjema frå University heim.

Kvar enkelt må sjølv gå inn på heimesida til University å bestille.

Skulenummeret til skulen 04342U.

Bestillingsfristen er 12.november 2017.



«Du er viktigare enn du trur»  

I samband med «Me bryr oss-konferansen» dette året skal det vera ein temakveld på Kulturhuset i Suldal torsdag 09. november kl 20.00-22.00.

Tittelen er «Du er viktigare enn du trur» og handlar om det å vera ein betydningsfull vaksen for barn og unge. Om du er ein forelder, trenar, nabo eller jobbar med barn og unge kan du vera ein viktig person som ser, bryr deg og viser omsorg for barn og unge som kanskje treng det litt ekstra.

Foredragshaldarar denne kvelden er Kristin Oudmayer som er fagansvarleg i programmet «Du kan være Den ene» (UNICEF). Yngve Træland kjem også. Han var «kvardagshelten» og den viktige eine for Leo Ajkic(programleiar på radio og tv).  

Saman skapar me eit varmt og inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge i Suldal.   

Velkomen !!  

Med helsing Suldal kommune

v/ arbeidsgruppa for «Me bryr oss konferansen»  


Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) ved Marvik skule, har ei tid hatt tankar rundt å arrangere ein sykkel-kveld. Og onsdag førre veke (18.10-17) var tida inne.Elevane på Marvik skule blei invitert til Kjølvikstølen kl 17.00 og utover, der FAU hadde laga til ferdigheitsløype på grusbanen og invitert politiet for anledningen.Kvelden starta med at politiet informerte både elevar og foreldre som hadde møtt opp, om viktigheten å vera synlig i trafikken, sikkerhet og bruk av lys på sykkel.Etterpå fekk ungane etter tur og orden prøva seg gjennom ferdigheitsløypa med kjegler, rampe, rundkjøring og svingar. Løypa passa i utganspungtet frå 4.klasse og oppover, men her kunne alle elevar få prøva seg. Alle tok runden om og om igjen og dei minste mestra den like godt som dei eldste. Politiet hadde skjema der ungane, ein etter ein fekk "EU-kontroll" på sin sykkel. Dette var stas!Både sykkelløypa og kontrollskjema hadde FAU skrive ut frå TryggTrafikk sine nettsider. Kvelden vart runda av med kaker, kaffi og saft til alle, og sjølsagt felles biledtakning med politiet og ungane på syklane sine.

Takk til FAU, elevane på Marvik skule, foreldre, rektor og politiet for ein kjekk og innhaldsrik kveld.



VELKOMEN TIL SYKKEL-KVELD  

Dato: onsdag 18.oktober 

Tid: frå kl.17.00 – ca.18.30 

Stad: Kjølvikstølen

FAU på Marvik skule inviterer alle elevane (og foreldre/føresette), til sykkel-kveld på uteområdet ved Kjølvikstølen Grendahus, onsdag den 18.oktober i frå kl.17.00. Me håper at så mange som mogleg vil koma å få sjekka sykkelen sin og testa ut sykkelferdigheitene sine i sykkelløypa. Det er fint om dei vaksne vil vera med, men det er ikkje eit krav. FAU vil vera der å hjelpa borna med det som trengs.  Me startar kl.17.00, og du kan koma då eller litt seinare om det passer betre, men ikkje seinare enn kl.17.30.

PROGRAM  

1. Teknisk kontroll av sykkelen. Me får besøk av politiet som vil vera med å sjekke at sykkelen din har det utstyret som er påbudt. Er du ikkje sikker på kva som er påbudt, så har me lagt ved eit skjema som viser dette. 

2. Ferdigheitsløype på grusbanen. Dette er først og fremst for elevar i frå 4.klasse og oppover, men dei yngste kan få prøva seg viss dei vil. Dette er ei løype som du må sykla igjennom, og her vil det vera vaksne som hjelper deg og viser deg kva du skal gjera.  

Lett bevertning for store og små (kaffi og saft).

Sykkelopplæring i grunnskulen er forankra i læreplanverket for grunnskulen (Kunnskapsløftet). Kompetansemåla er;

Etter 4.trinn – Eleven skal kunne følgja trafikkreglar for fotgjengar og syklist.  

Etter 7.trinn – Eleven skal kunne praktisera trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel

Har du spørsmål, ta kontakt med klassekontakten din. Me sjåast den 18.oktober!  

Helsing FAU på Marvik skule