Informasjon om foreldremøter til 7. trinn
Presentasjonen frå foreldremøtet ligg under Vedlegg til artikkel i høgremargen.
Innan fredag 23. februar må elevane i saman med føresette senda inn søknad på kva for valfag og 2. frammandspråk/arbeidslivsfag ein ønskjer seg.
Søknadskjema finn du her:
Søknadsskjema
Velkommen til Bryne ungdomsskule
Me er i full gang med å planlegga og legga
til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august.
Første foreldremøte var allereie onsdag
14. februar kl. 18.00 i aulaen på Bryne ungdomsskule, og BUS takkar for godt frammøte på dette!
Her fekk de informasjon om skulen, og om valfag og språkval.
Andre foreldremøtet om oppstarten i august,
vil me ha torsdag 13. juni kl. 18.00, på same stad.
Dei nye elevane blir inviterte til å koma
fredag 14. Juni, for å treffa klassen, lærarane og sjå klasserommet sitt.
Me gler oss til ny oppstart og til å
møta borna dykkar.
Vennleg helsing alle vaksne på Bryne
ungdomsskule.