Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Mykje vind

I dag var det mykje vind ute.  Denne dagen vil fleire hugse. Elevane var inne i langfriinuttet. Inne var det film, leik, spel og andre aktivitetar. Nokre satte pris på eit sjeldan innefriminutt medan andre skulle ønske dei var ute i vinden. Det var særleg lause gjenstander i lufta som gjorde at me valgte å vera inne i eit av friminutta.

I fyrste friminutt (09.30-09.45) var det ubehagelig for fleire av elevane og særleg i eine enden av bygget tok vinden i særs mykje.

Då elevane tok friminutt vart det gjennomtrekk i bygget og det vart eit voldsomt sus i sørfløyen av bygget i 2.etasje. Det resulterte i at himlingen i taket i det eine klasserommet løsna. Det var ikkje elevar tilstades i rommet då det skjedde. Vaktmeister og andre fagfolk har evaluert det i dag og himlingen vil bli lagt på plass igjen + ein sikrar seg at det er festa godt i dei andre klasseromma og. Det vart vurdert å stenge klasserommet for undervisning, men undersøkingar av himlingen viste at den låg stødig. Det vert undervisning i rommet som vanleg i morgon og. 

Elevane på 3.trinn var ein periode i dag redde for tak, vind og vatn. Me hadde ei kort samling med dei alle i 3.klasse der dei fekk svar på spørsmåla sine. Vinden var på sitt sterkaste på TU slik me såg det mellom 09.30-11.30. Sterk vind i kasta og  noko bygningsmaterialer frå naboar mm i sirkulasjon gjorde at me valgte å halde alle elevar inne i langfriminuttet i dag. I siste friminutt var alle ute og vinden var noko svakere.

Ein annleis onsdag med meir innetid enn vanleg. Vinden var rolegare då skulen slutta 13.45 og alle elevane gjekk heim. No i ettermiddag bles det meir igjen. Hugs å sikre lause gjenstander. Det er mykje søppel rundt omkring no. Me på Tu skal rydde rundt skulen når uveret har gitt seg.