Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
NYE 1.KLASSINGAR HAUSTEN 2016

Foreldremøte onsdag 1.juni kl 19.00 - 20.30 i aulaen på Tu skule for foresatte med born som skal starte på Tu skule hausten 2016

Bli kjent dag for elevane fredag 3.juni kl 09.00-11.00 + bli kjent i SFO frå 11.00- 11.45

Til elevar og føresette.

Det er ikkje lenge til bli foreldremøte og bli kjent dag på Tu skule. Det og mindre enn 3 månader til de foreldre har ein (ny)skuleunge i huset.

Me gler oss til å bli kjent med dykk.

FORELDREMØTE  Som varsla tidlegare vert det eit foreldremøte onsdag 1.juni kl 19.00– 20.30 .    Dette møtet er ikkje for elevane. 

De får då helse på kontaktlærarane De vil få informasjon om bli kjent dagen på skulen fredag 3.juni og litt om skulekvardagen som ventar hausten 2016. Det vert 40 elevar til hausten i 1.klasse. Det vert ikkje bokmålsgruppe. Alle elevane som skal gå på Tu vil ha nynorsk som målform.  

Elevane vert delte i tre kontaktlærargrupper og vert organisert i grupper på 2 og 3 alt etter kva aktivitetar ein har. Tur og liknande vil ein ha som trinn i ei gruppe.

Bli kjent dag vert som planlagt fredag 3.juni. kl 09.00 – 11.00.

Det er foreldre/føresette som er saman med borna denne dagen.          

DEI som skal ha SFO til hausten går over til SFO etter bli kjent- dagen kl 11.00.

SFO dagen varer til ca 11.45. På den måten kan dei bli kjent på SFO og denne dagen.

Skulen har tildelt fadrar for alle elevane. Dette får de informasjon om 1.juni og elevane får helsa på fadrane 3.juni.

Lærarane har ikkje vore på besøk i barnehagane. I nokre barnehagar har me hatt overføringssamtalar. I andre har me ikkje det enno. Me vil i juni besøka barnehagane for å møta borna dykkar  i den barnehagen dei går.

Me vil og ha ein bli kjent samtale med de foreldre tidleg på hausten 2016 for å passe på at me får ein god start på Tu skule.

Dersom du lurer på noko meir kan du ta kontakt på nina.nygard.magnussen@klepp.kommune.no   eller telefon 98 48 86 79