topLogoSpacer
 
 

 
 
 

 
 

Vinjar skule

1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  

Markering av verdas bokdag
Publisert: 21-04-2015 skrive av: Jorunn

picture

Den offisielle dagen for verdas bokdag er 23. april, men praktiske omsyn gjorde at Vinjar markerte denne dagen tysdag 21.april.

Skuledagen starta med felles samling, der blant andre Henriette og Andreas frå 5. klasse las utdrag frå eigneproduserte bøker:)

Etter samlinga skreiv alle elevane frå 1.-7. klasse tekstar etter inspirasjon frå Nenad sine flotte illustarasjonar. Bytebod av bøker var eit anna populært innslag og siste time gjekk med til 30-leiken, der elevane var delte inn på tvers av alder. Her gjaldt det om å trilla terning,løysa oppgåver frå bøkene si verd og koma først til 30.. Her kan de sjå nokre bilete frå den flotte skuledagen vår:)

Kantine for heile skulen
Publisert: 07.04.2015 skrive av: Torunn

 Supergode pizzasnurrar!

Siste torsdagen før påskeferien laga 6.klasse til kantine for resten av skulen. På menyen stod pizzasnurrar.

picture
 

Inspirert av Pablo Picasso
Publisert: 10-04-2015 skrive av: Annette

GOD PÅSKE!
Publisert: 26.03.2015 skrive av: Kari

Ei veke på Gullingen leirskule nærmar seg slutten. Me har hatt det kjempefint og har blitt kjende med mange som me skal gå saman med på ungdomsskulen. Regn, sol og mykje vind har det vore, men me har ikkje naudd noko. Mykje har me opplevd og mange erfaringar har me gjort. Altfor mykje til å fortelja om her

No vil me ønskja alle ei GOD PÅSKE!

Helsing 7.klasse og Kari

Ære til lærar
Publisert: 23.03.2015 skrive av: Jorunn

picture

I dag vart alle lærarane møtt av nestleiar i FAU, Anita Vik, som delte ut kaffi, kake og eit kort som var laga til dei kor FAU takka dei for den viktige og gode jobben som dei gjer kvar dag som lærar!

Denne markeringa vart gjort i heile Rogaland i dag i eit samarbeid mellom RogalandsGNISTEN og Kommunalt foreldreutval (KFAU). Målet med markeringa er mellom anna å:

-få fram kor viktig læraryrket er

-skapa blest om læraryrket i heile Rogaland!

Her kan de sjå nokre bilete frå den gode starten på dagen!

 

Sjå fleire artiklar >>

 
 
.