Då er tida komen for å takka for laget i denne omgang. Eg seier sjølv at eg berre tek ei pause frå rektorgjerninga, -for meg kjennest det nemleg best ut slik. Ein av dei siste dagane saman med elevane før vinterferien, overraska dei meg med ein fest. Eg vart så overraska då eg kom inn og såg at "heile skulen" hadde samla seg der, at eg beint fram måtte setja meg ned på kne...
Elevane og dei tilsette underheldt med song, rap, blokkfløytekonsert, talar og mykje meir. Det vart nesten i overkant av kva eit frå før av blautt rektorhjarte kunne tåla.. Takk for meg ennå ein gong, og så ønskjer eg Tommy Haugen velkommen som ny rektor! Lukke til alle saman!
Heia Vinjar! Heia Vinjar!
For skulen vår hipp hurra!!