Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: Hege Hiim Steine 92284585 Send e-post til oss
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Besøk hjå Ellen Kalvig

I dag har 3. klasse vore på besøk hjå Ellen Kalvig i Kalhagen! Det var veldig kjekt å sjå i atelieret i Ellen. Ho stod i døra og tok imot oss då me gjekk av bussen i strålande vær! :) Inne hadde ho laga bord der alle fekk sitja medan ho fortalde om livet sitt som kunstnar. Etterpå viste ho nokre teknikkar som me vil prøva ut på skulen. Me åt nista vår rundt bordet og etterpå fekk me opp og sjå der ho laga trykka sine.

Elevane fekk og tid til å ha litt gøym og leit ute på tunet, medan hønene kakla og hanen gol!!! :) 

Takk for at me fekk komma og helsa på deg Ellen! 

Veldig kjekk tur for store og små! Synd at Angelica ikkje fekk vera med i dag. 

Takk og til Suldal Billag som sponsa oss med skyss! Supert!

Besøk hjå Ellen Kalvig! I strålande sol gjekk me av bussen i Kaldhagen, der Ellen venta på oss!

Me har hatt eit veldig kjekt besøk i atelieret hennar, og elevane kosa seg skikkeleg! 

Tusen takk! 

Main Image
Bilete 1 av 29