I to dagar har Vinjar skule hatt besøk av biletkunstnarane Solveig Landa og Anita Tjemsland. Alle elevane på mellomtrinnet har fått prøva å laga sitt eige grafiske trykk. Resultata vart svært vellukka, og bileta ligg no til tørk og i press på formingsrommet.
Grafikk er ei morsom og engasjerande uttrykksform som historisk sett går langt tilbake i tida. I grafikkverkstaden får elevane ei innføring i den spennande kunstneriske prosessen om korleis eit grafisk trykk blir laga, og dei får vere med hele vegen frå ide til ferdig bilde.