Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: Hege Hiim Steine 92284585 Send e-post til oss
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Juleavslutning på "UTESKULEN"!

Kjekk utedag i Mehushaugen!

I dag var siste dagen på uteskulen før jul, og for ein flotte, kjekke dag me fekk!

Med snø på bakken og i trea, bål ute og inne i lavvoen, låg alt til rette for ein kjekke dag. Som vanleg var det oppgåver på vei ut, i dag var det gangetabellen som skulle prøvast, og dei fleste oppgåvene blei rette! 

Ellen Synnøve las koselig juleforteljing inne i lavvoen før me alle tok ein felles observasjon ute på været og forholda i skogen. 

Etterpå tok me turen opp til Knespretteflåto for å sjå etter dyrespor. Mange spor, men ikkje så mange dyrespor å sjå i dag.  Etterpå "Gjekk me oss over sjø og land" ned igjen til lavvoen, og då var det nokre merkelige lydar å høyra i skogen!!! Me fekk besøk av ein flotte nisse og nissemor! Kjempekjekt :) Takk for det kjekke innslaget Olav og Renate! Nissen delte ut mandariner og klemmar til dei som ville ha, og det ville sjølvsagt alle! 

I mattida dukka Åsta opp med ei stor gryte med risengrynsgraut og saft! Det smakte veldig godt - tusen takk! Etter matøkta var det berre til å finne akebrett, kjelkar og det som fanst å renne på, så var heile gjengen i sving i akebakken! Og der var dei resten av dagen... alle hadde det kjekt og var med på aktivitetane. Nokre var endåtil høgt oppi granene!

Takk for ein kjempekjekk dag alle som var med! :)

 

 

Main Image
Bilete 1 av 32