Meny
Velg seksjon Forside
Klasse 0
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Språkstasjon
Rettedalen 13 (Postadr. Rettedalen 1) 4330 Ålgård
Telefon: 51614670 Faks: - Send oss e-post
Redaktør: Rune Bøe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Om skolen

Ålgård skole er ein barneskole med 363 elevar, midt i sentrum av Ålgård. Visjonen til skolen er "Læring med trivsel". Vi ynskjer å gje elevane kunnskap i alle fag med spesiell vekt på dei grunnleggjande ferdigheitene.

Vi er midt i ”smørauget” når det gjeld naturopplevingar tett innpå skolen, med Edlandsvatnet og gode turmoglegheitar i nærleiken av skolen. Vi er med på skole/ landbruk samarbeidet i kommunen. Bondelaget  har opplegg for skolane. Her besøkjer vi Limagarden, klekkjer ut kyllingar og får lære om landbruk i gamle dagar, og korleis vi får garn frå sauen.

Skolen blei bygd ut i 2000. SFO fikk da eige rom medan det blei bygd ein aula med plass til alle  elevane på skolen. Her har vi forestillingar og storsamlingar.

Frå 2007 har skolen bygd opp ein språkstasjon slik at dei fleste nyankome minioritetsspråklege elevane i kommunen går på Ålgård skole ei tid for å lære norsk. I dag er det elevar frå 20 forskjellige nasjonar på skolen.  

Vi ynskjer å vere ein skole som ser den enkelte eleven. Det tyder at eleven får bruke sine evnar både fagleg og sosialt. Elevane får moglegheit til å utfolde seg gjennom biletkunst, handarbeid, musikk og skodespel.

Skolen arbeider også aktivt mot mobbing og utviklar forskjellige opplegg som tar for seg problemstillinga.

Det er spennande å jobbe på Ålgård skole med leseprosjektet SOL og veiledet lesing både i norsk og engelsk. I tillegg har vi veiledning av nyutdanna lærarar. Det gir dei fleste ein god start på lærarjobben.Det er stadig behov for nye lærarar og miljøarbeidarar. Informasjon om dette kan ein få ved å ta kontakt med rektor.