Meny
Velg seksjon Overordnede dokumenter
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Det er 1 dokumenter i arkivet.

§2-1 Rett og plikt til grunnskuleopplæring

Barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring, og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.
Plikten kan  ivaretakast gjennom offentleg grunnskuleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring. ( ……. )
Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført tiande skuleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det. Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsetteleg eller aktlaust.  

§ 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa  

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.  

§ 3-2 Skulen og kontakten med heimen  ( ……..)

Alle elevar i grunnskulen skal ha ei meldingsbok som blir brukt av foreldra og av kontaktlæraren til meldingar om fråvær, søknader om fri osv. Melding til heimen om eventuell misferd skal ein gi i eige brev.