Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4352 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Telefon: 51788470 Send e-post til oss
Redaktør: Reidar Harberg
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Historie

Bore skule blei bygd i Verdalen i 1975.  Verdalen var då eit av dei store utbyggingsområda i kommunen og trengte ny skule.

Sin første skule fekk Bore i 1878.  Då blei det bygd skule i skilje mellom Borsheim og Hodne.  Skulebygget var i bruk fram til 1922 og seinare som ungdomslokale. Det kom då ein ny skule på andre sida av vegen som var meir etter den tids krav.  Etter ein brann vart denne bygd på nytt i 1941.  
Og denne bygningen er det som står på Borsheim den dag i dag og er i bruk som barnehage.   Frå 1968 til 1975 var det ei enorm utbygging i Verdalen.  På få år blei det sett opp fleire hundre hus.  Derfor blei skulen på Bore for liten og det blei bygd ny i Verdalen.  

Etter få år måtte det utviding til på grunn av den store auken i elevtal.  Bygget som vi no kallar Sør-i-garden kom i 1982.  Desse bygningane kunne vi greia oss med i 20 år.  Men når 6-åringane starta i skulen og det på nytt blei utbygging i Verdalen, måtte vi få enno eit påbygg, Nord-i-garden.  
Dette blei teken i bruk januar 2001.  Frå 1972 fram til 2006 var det ein auke frå 120 elevar til 435 elevar.  Hausten 2008 hadde vi enno ein gong behov for meir rom.  Det blei i løpet av skuleåret sett opp ein paviljong som gir oss nokre ekstra rom.  Elevtalet er no i sterk auke nok ein gong og skulen vil i åra som kjem auka til nærare 500 elevar.  Då vil det vera behov for nybygg nok ein gong.

Frå hausten 2014 går derfor 7. trinn gå på Bore ungdomsskule.

Det er så planlagt nybygg som vil stå ferdig i starten av 2019.  Sjå meir om dette under "nybygg".