Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4352 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Telefon: 51788470 Send e-post til oss
Redaktør: Reidar Harberg
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Nybygg

Arkitektfirmaet Link Arkitektur har utarbeidd teikningar og har saman med kommunen sin prosjektansvarlege planlagt nybygg på skulen. 

Teikningane som no er ferdige viser eit nybygg i 3 avdelinger

  • ei avdeling med klasserom i 2 etasjer til 2 trinn
  • ei avdeling med aula og musikkrom (som også blir i 2 etasjer)
  • ei avdeling med kantine/kjøkken og rom for personalet og administrasjon

Denne planen inneber at eine fløyen i Sør-i-garden blir riven og nybygget kjem i forlenginga av den andre fløyen langs skulen sin yttergrense.

Planane er godkjende av kommunestyret.

På ungdomsskulen skal gymnastikksalen rivast og det skal byggast ein idrettshall i staden.  Dette vil gje både barneskulen og ungdomsskulen betre kapasitet  til kroppsøving for elevane.

Løysinga med nybygg på Bore skule vil seia at skulen har plass til 1. - 6. trinn fram til ein ny barneskule blir bygd på Kleppe.  Den nye skulen vil ta elevar frå Borekrinsen og føra til at Bore skule blir ein mindre skule.  Då skal skulen romma 1. - 7. trinn med 3 klassar på kvart trinn (i dag har me 4).

Når det gjeld ny skule i Klepp, så har hovudutvalet no bestemt at dei ønskjer ny skule på tomt ved BMX-banen.  Då dette er ei tomt i jordbruksområde kan det ta tid før tomta eventuelt blir klargjort/omregulert til offentleg bygg.

Nybygget på Bore vil truleg bli starta i februar 2018.  Entrepenør er Kvia A/S. 

Framdriftsplan:

  • Byggestart for nybygg februar 2018
  • Byggestart for idrettshallen slutten av våren 2018
  • Skulebygget ferdigstilt våren 2019
  • Sør-i-garden blir riven/ombygd vår/sommar 2019
  • Heile prosjektet med uteområdet og ny hall på ungdomsskulen skal stå ferdig august 2019

Teikningar

Teikningar er utarbeidd av Link Arkitektur og er ferdige pr. juni 2017.

Du finn dei i ein power point til høgre på sida.

Der finn du og ein oversiktsplan for uteområdet.