Meny
Velg seksjon Helsesøster
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4352 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Telefon: 51788470 Send e-post til oss
Redaktør: Reidar Harberg
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Helsesøster er å treffa måndag og onsdag.

 

Marit Aarsland Grødem

Tlf 51 78 84 78 

mail; marit.aa.grodem@klepp.kommune.no

 


Helsesøster arbeider helsefremjande og førebyggjande  

Skulehelsetenesta har hovudfokus på helsefremjing og førebyggjande arbeid. Me arbeider etter nasjonale retningslinjer. På skulen gir me vaksinar og har samtalar både i grupper og med enkeltelevar. Nokre gonger kan ein elev trenge ein samtale, andre gonger treng eleven oppfølging over lengre tid.

Helsesøster deltek i tverrfagleg møte/ressursgruppemøte på skulen. Helsesøster samarbeider med familieeininga, skulelege, fysioterapeut, ppt, barnevern, fastlege og spesialisthelsetenesta. Familieeininga er ein del av helsestasjonen.

Familieeininga er tverrfagleg med mellom anna med psykolog, familierådgivere, MarteMeo-terapeut, PMTO-terapeut, tilbod om COS, DUÅ mm. Foreldrerådgivning føregår  individuelt og i grupper. Barna kan og få samtalar her.

Ta kontakt med helsesøster viss du lurer på noko.

Barnet i familien  

Korleis ein har det i familien, vil verka inn på barna. Familiar kan oppleva vanskelege livssituasjoner som samlivsbrot, fysisk eller psyksisk sjukdom, vold i familien, rus eller dødsfall.

Me vil oppmoda foreldra til informera  skulen og/eller helsesøster om slik utfordringar slik at barnet kan verta møtt på best muleg måte.

Kva kan de snakka med helsesøster om

Barnet kan sjølv ta kontakt med helsesøster på skulen dersom det ønskjer nokon å snakka med. Tema som kan vera aktuelle å drøfta kan vera venner,  å vera  redd, lei seg for noko, korleis ein har det på skulen eller heime, sjukdom, matvanar og mykje meir.   Me sjekkar og syn og hørsel dersom det er mistanke om at det ikkje er bra.

Foreldra kan og ta kontakt om de opplever utfordringar/spørsmål omkring barnet anten det er i forhold til skulen eller heime.  

Vaksinar:

2.trinn : difteri,stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt

6.trinn : meslinger, kusma og røde hunder

 

 

Grupper

PIS - samtalegruppe for barn som har opplevd samlivsbrot.

3. trinn - samtale i grupper om helse og trivsel

5. trinn - samtale i grupper om pubertet

 

Målingar 

3. trinn - høgde- og vektmåling

 

Nyttige linkar; 

Informasjon om lus:  https://fhi.no/ml/skadedyr/lus/

Informasjon om PIS: www.vfb.no/no/vi_tilbyr/skilsmisse_i_familien/skilsmissegrupper/

Informasjon om nasjonale rettningslinjer i skulehelsetenesta: www.helsedirektoratet.no/helsestasjon-og-skolehelsetjeneste