Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulen sin historie

Bryne skule ligg midt i Bryne sentrum.

Skulen består av ulike bygningar der den eldste delen er frå 1922. Skulen slik den er i dag, stod ferdig i 2006.

Dei ulike bygningane har fått namn slik at det skal vera lett å finna fram.

 

Bygningen lengst i sør, mot Ola Barkvedsveg, er Sørbygget. Opprinneleg er denne bygningen frå 1922. 5. - 7. trinn held til i Sørbygget. Her er og skulen sin administrasjon, kulturskulen sin administrasjon, personalrommet og den store aulaen.

Midtbygget består av den gamle delen du ser øvst på  artikkelen og eit påbygg som stod ferdig 2006. Her har 1. - 4. trinn sine klasserom. SFO held og til i Midtbygget. Skulen sine formingsrom, samt bibliotek finn ein i dette bygget.

I Nordbygget finn ein gymsalen i 1. etasje medan det er dansesal/musikkrom i 2. etasje.