Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilpassa opplæring

Skulen starta hausten 2014 med eit endringsarbeid innanfor det spesialpedagogiske området. Dette utfordrar oss systemisk, kunnskapsmessig, verdimessig og organisatorisk. Skulen har ein høg andel elevar som treng hjelp innanfor det spesialpedagogiske området. Skuleåret 2014/2015 var det 10% av elevane som fekk spesialpedagogisk hjelp. Me har som mål å redusera dette talet til 7% innan juni 2016. Me trur at dersom me klarer å gje fleire elevar ei god tilpassa opplæring, vil dette talet bli redusert.

Me ønskjer å hjelpa flest mogleg av elevane våre innanfor rammene av fellesskapet. Tolærarordninga skal ein arbeida med, det vil og bli tilbudt kurs til elevar innanfor ulike emne. 

Gudmund Hernes har brukt ein metafor om at lærarane skal vera heisførarar. Alle elevane skal inn i heisen, men alle elevane har ikkje føresetnadar for å koma like høgt. Lærarane har, saman med føresette, ansvar for at dei kjem så høgt opp som dei har føresetnadar for å koma. Skulen treng føresette som er med på å heia læringa fram!