Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Læringsmiljø


Elevundersøkinga viser at elevane på Bryne skule trivest godt og at dei opplever eit trygt miljø. Me vil fortsetja arbeidet med å ha fokus på å skapa gode relasjonar mellom elevane.
Skulen har ei målsetjing om at ingen elevar på skulen skal bli mobba.
Skulen er ein sertifisert Olweusskule  og har utarbeidd ein kvalitetsplan mot mobbing. Denne planen finn ein vedlagt.

Dersom du opplever at ditt barn ikkje har ein god skulekvardag, ber me om at du tek kontakt med skulen. Det blei for eit år sidan laga eit nytt regelverk som stiller store krav til kva skulane skal gjera i samband med å sikra alle elevar rett til eitl godt og trygt skulemiljø. Fylkesmannen har laga ein video som forklarer dette litt meir. https://www.youtube.com/watch?v=9ewPaNLozV8

Fylkesmannen si nettside er også oppdatert, slik at det skal vere enkelt å finne informasjon og kontaktopplysningar: https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Prosjekt/Trygt-og-godt-skolemiljo/

Me håper at skuleåret blir godt for alle elevane våre.