Meny
Velg trinn eller SFO 2. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Me markerte samane sin nasjonaldag på uteskulen i dag, ein dag på førehand.

Me fekk plutseleg besøk av eit romvesen denne veka. Det vart eit godt utgangspunkt for øving på skriving av både rapport og brev.

Endeleg vart det mogleg å gå på isen!

Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.
 I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 
Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 
Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no)
 Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no)
Pamela Sudmann
Skulesjef, Time kommune
938 30 972


Veldig kjekk tur til Ungdomsskogen med bål og pølsegrilling. Alle koste seg.

Elevane lærer om Emil i Lönneberget, og i dag fekk dei prøva seg på spikking i Bryne skule si eiga snikkarbu: sløydsalen.

Ivrige elever sprang for Idas Hjelpefond og Redd Barna. Veldig bra innsats av alle!

Denne veka var me på Vitengarden for å læra om gamle dagar.