Meny
Velg trinn eller SFO SFO
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Åpningstider: 07:15 til skulestart og frå skuleslutt til 16:00.

Kontakt:

1.trinn mob: 91613882

2.trinn mob: 48234673 

3 og 4 trinn mob: 90703961

 

Mona Flåten Bjaanes, SFO leiar      

 E-post: mona.flaaten.bjaanes@time.kommune.no  

Telefon: 51 77 64 20



Me feirer på Bryne SFO. Mange aktivitetar og mykje som skjer.

Me gler oss.


Denne veka har me hatt PåskeOL! Tysdag og onsdag var aktivitetane ballkast, 60meter, erteposekast, 90grader, spring på tid rundt skulen og lengdehopp. Torsdag hadde me OL fest med utdeling av diplom til alle som deltok. Medalje til vinnarane av kvar aktivitet på kvart trinn. Veldig kjekt å sjå kor stolte vinnarane var og ikkje minst gleden og aplausen frå heile SFOpublikumet. 

God påske til alle :)



I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO. For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO. Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”.
Oppseiingstid for tilbod i SFO er 2 månadar. Ein må seie opp innan den 1. dagen i månaden 2 månadar før ein vil at oppseiinga skal gjelda. 
Om ein ikkje vil behalde plassen i august, må ein seia opp tilbodet innan 1. mai. 
Ved oppseiing etter 1. mai, må ein betala for tilbodet i august. 
Om de allereie no veit at de ikkje vil ha tilbod ved SFO frå august 2024 set me stor pris på at de melder frå. Dette gjer det enklare å planlegge bemanninga og bruk av ressursar, og slik kan me gje ungane eit best mogleg tilbod.  

God helg :)


Mandag var me på tur til Vardheia i nydelig vær. Me har hatt Matjungel med baking av rundstykker. Det har vert ei fin veke med pysjamasfest, inneleik, uteleik, aktivitet i gymsalen, dansing, perling, maling, ansiktsmaling, mykje glede og god stemning. God helg til alle :)

Ønsker alle ei fin helg og ein god vinterferie; heime, på SFO eller andre stader :)