Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Om å vera student på BUS

Når du er student på Bryne ungdomsskule, er du ein vaksen person som representerer skulen overfor elevar og føresette. Du blir ein del av kollegiet ved skulen. Som praksisskule har heile kollegiet ansvar for å gje deg praksisopplæring, men det er praksislærarane og rektor som har hovudansvaret.

Me forventar at du set deg inn i innhaldet i denne praksisplanen, i lærarprofesjonen si etiske plattform, i etiske retningslinjer for tilsette i Time kommune og i annan relevant informasjon. Er det noko du lurer på, spør du praksislærar.

Du blir ein del av kollegiet vårt, og me forventar at du bidreg positivt både fagleg og sosialt.

Hugs at du har teieplikt.

Me snakkar positivt om skulen og om Time kommune. Dette gjeld og på sosiale medier.

 


Praksisperiodar 2021 – 2022:

Parti

Haust Vår
M-GLU 5-10 2. år   15 dagar (mat og helse) torsdagar  
 GLU 5-10 3. år  3 veker (norsk, engelsk) 3 veker (norsk, engelsk) 
 M-GLU 5-10 4. år  3 veker (krø)

3 veker (krø

 

Reglar som gjeld for studentar på skulen vår:

 

  • Du møter opp i god tid, opplagd og førebudd både om morgonen og til timane og møta du skal vera med på.
  • Dersom du vert sjuk, må du melda dette til praksislærar snarast.

Mobilnummer:

Elin: 911 43 372

Anne Marie: 909 86 640

Egil: 992 67 383

Elisabeth:930 51 393

 

  • Arbeidstida di er frå 08.00 - 15.30. Du skal ikkje gjera andre avtalar i denne tida.
  • Du går ikkje ut frå skulen utan etter avtale med praksislærar.
  • Me forventar at du er med på elevsamtalar, utviklingssamtalar og møte utanom den faste arbeidstida. Dette er ein del av arbeidsdagen for ein lærar. Ei vanleg arbeidsveke for ein lærar er på 45 timar.
  • Me forventar at du arbeider med praksisrelaterte saker når du er i praksis.
  • Me forventar at du er godt førebudd til undervisninga, og at du utfører oppgåver etter avtale med praksislærar.
  • Me har fagmøter for alle tilsette måndagar  14.15 - 15.15 
  • Me har fellestid for alle tilsette tysdagar 12.30 – 14.30. Fellestida startar som regel med felles informasjon frå rektor, deretter arbeider kollegiet med ulike tema som fagsamarbeid, UiU, vurdering, etikk ol.
  • Me har trinnmøte onsdagar14.15 – 15.15. Inspektøren leier desse møta.

 

Praksisplan - første studieår

Praksisplan - andre studieår

Praksisplan - tredje og fjerde studieår