Meny
Velg trinn/seksjon 10. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Munnleg prøveeksamen
På fredag hadde elevane munnleg prøveeksamen, der dei fekk testa ut korleis me gjennomfører denne type prøve. I veke 23 vil alle elevane koma opp i eit fag i munnleg eksamen. Det såg ut som det var ei god oppleving for dei alle fleste! Bra jobba! 

Jordmor og førestilling i Storstova
I veke 12 får me besøk og undervisning av ei jordmor som skal ha ein time med kvar klasse. I tillegg skal me til Storstova for å sjå 10. trinnet på Kulturskulen si førestilling. 

Påskeferie
I veke 13 er det påskeferie. Tysdag 2. april er det planleggingsdag for lærarane, så første skuledag etter påskeferien er onsdag 3. april. 

Elev- og utviklingssamtalane
Lærarane held på med elevsamtalar og har starta med utviklingssamtalane. Kontaktlærarane har sendt ut mail på om det er ønskjeleg med samtale. Fint om alle kan svar på ma

Munnleg prøveeksamen 
I veke 10 skal elevane øva seg til munnleg eksamen. Elevane får trukket eit fag på onsdag og førebur seg. Torsdag kjem elevane til rettleiing og førebur seg meir. På fredagen skal dei ha sjølve prøven. Meir detaljert info kjem i veke 10. 

Vinterferie veke 9 
Veke 9 er det vinterferie. Me ønskjer alle ein velfortent pause. 

Utviklingsamtalar  
Lærarane held på med elevasamtalar, og etter vinterferien startar dei opp med utviklingssamtalane 

Olweusundersøkinga 
I veke 8 skal alle elevane på skulen gjennomføra olweusundersøkinga. Formålet med denne er å gi oss som skule informasjon om trivselen og tryggleiken til elevane på skulen. 

Alle elevar på 4.–10. trinn er inviterte til å delta i ei spørjeundersøking om mobbing, venskap og trivsel på skulen.

Velkommen til Møllekjellaren i vinterferien! 

Oppstart elevsamtalane 
Lærarane startar opp med elevsamtalane nå, og etter vinterferien kan elevane ha utviklingssamtalen. Denne samtalen er frivillig, og lærarane tek kontakt med føresette om ein ønskjer ein samtale. 

Vaksinering v. 7 
I veke 7 kan elevane få vaksine. Elevane har fått utdelt informasjon om vaksinen, og dette er frivillig. 

Olweusundersøkinga 
Det er tid for ny olweusundersøking, der me skal sjekka ut trivsel og mobbing på skulen. Informasjon om undersøkinga ligg på heimesida. 

Årshjulet 
Årshjulet er oppdatert og ligg på heimesida. Det er mykje som skjer framover, då det er lurt å følgja med.

Me hadde eit veldig kjekt vinterball for elevane våre torsdag kveld. Det såg ut som om alle kosa seg og hadde det triveleg.

Temperaturen blei veldig høg i diskoteket mot slutten av kvelden, men det ser me på som teikn på god danseaktivitet.

Tusen takk til elevrådet som arrangerte ballet, og til Are og Leopold som var fantastiske dj'ar og laga god stemning, og mange takk til 40 føresette som var vakter og som bidrog til eit trygt og godt miljø.


Klikk "les meir" og sjå under vedlegg til høgre for å finne presentasjonen frå foreldremøte på 10. trinn onsdag 17. januar. 

Ny termin 
Nå er me i gang med ny termin, og dette blir siste innspurt på ungdomsskulen før elevane skal i gang med vidaregåande skule. Me håper alle er motiverte til å gjera så god innsats som mogleg! Det er mykje som skjer framover, så det er viktig å følgja med på vekeoversikten og vekeplanen. Me prøver å halda årshjulet oppdatert til ein kvar tid. 

Skottedans 
På fredag får me besøk av skottar som skal læra oss skotsk kultur og folkedans! 

Besøk på helsestasjonen 
På måndag og tysdag skal klassane på besøk på helsestasjonen, der dei skal få informasjon om sex og samliv. 

Vinterball 
Torsdag 25. januar vil elevrådet arrangera vinterball på skulen. Ballet varer frå kl. 19.00-23.00 og det kostar kr 150 og inkluderer pizza og brus.  
Klassekontaktane får i ansvar å skaffa vakter frå kvar klasse og dei tilsette på Møllekjellaren vil også vera med oss den kvelden.  
Innbetaling til ballet: 150 kr kan betalast til Bryne ungdomsskule sitt VIPPS nummer: # 546674 - Merk betalinga med Vinterball, namn på elev og kva klasse eleven går i. Eleven viser kopi/bilete av kvittering/betaling til kontaktlærar som kryssar av på klasseliste. 


Hei verden takkar oss for flott solidaritetsinnsats for Hei verden. Innsatsen vår er viktig for Hei verden, og det vil vera med på å sikra retten til utdanning for barn som lever i fattigdom i blant anna Bangladesh. I år samla med inn 80 464 kr. Bra jobba av alle trinn!

Torsdag 25. januar vil elevrådet arrangera vinterball på skulen. 

Ballet varer frå kl. 19.00-23.00 og det kostar kr 150 og inkluderer pizza og brus. 

Klassekontaktane får i ansvar å skaffa vakter frå kvar klasse og dei tilsette på Møllekjellaren vil også vera med oss den kvelden. 

Innbetaling til ballet: 150 kr kan betalast til Bryne ungdomsskule sitt VIPPS nummer: # 546674 - Merk betalingen med Vinterball, namn på elev og kva klasse eleven går i. Eleven viser kopi/bilete av kvittering/betaling til kontaktlærar som kryssar av på klasseliste. 

FRIST: FREDAG 19. JANUAR KL. 15.00.

Fjorårets ball var veldig kjekt og me trur det kjem til å bli like kjekt i år også.


Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.
I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 
Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 

Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no) 

https://www.time.kommune.no/aktuelt/tenk-tryggleik-ved-ferdsel-pa-islagde-vatn.9157.aspx


Godt nytt skuleår!

Foreldremøte
Det blir foreldremøte onsdag 17. januar kl 18.00 i Aulaen. I møtet vil du få viktig
informasjon om vårsemesteret, og Erling Knutzen vil gå i gjennom all viktig informasjon i
forhold til innsøkinga til vidaregåande skule.

Terminslutt

Fredag 12. januar er det terminslutt. Onsdag 17. januar vil elevane få ei
undervegsvurdering og karakterar i alle fag på Visma.

UTV
Elevane har dette skuleåret hatt 1 time UTV pr veke, men frå veke 3 vil elevane få fri
denne timen. Oppdaterte timeplanar blir lagt ut på heimesida. Erling Knutzen har siste
UTV-time med elevane i veke 2, og det er viktig at alle elevane får ordna med minID eller
bankID. Sjå meir info under heimearbeid.

Vinterball
Torsdag 25. Januar kl 19.00-22.30 skal det vera vinterball for alle elevane på skulen. Meir
informasjon om arrangementet kjem.


Me her på Bryne ungdomsskule vil takka alle elevar og føresette for godt samarbeid denne hausten.

God jul til alle!

Første skuledag etter ferien er onsdag 3. januar 2024.


Førjulstid 
Me koser oss med juleaktivitetar på trinnet. Klasseromma er pynta, og me kjem i god julestemning. Torsdag arrangerte trinnet fin adventsgudsteneste i kyrkja og adventsamling i aulaen. Mange elevar var med og bidrog på ein flott måte. Elevrådet har dratt i gang temaveker, og 10. trinnet er skikkeleg ivrige med diverse utkledningar. Me fortset med undervisning og læring heilt fram til jul, sjølv om elevane nok vil ha julekos i kvar time! 
 
Vgs og innsøking 
Det er svært viktig at alle elevane skaffer seg MinID og/eller BankID før veke 2, slik at alle kan være med å legge inn første utkast til VGS-søknad i veke 2. 
 
Terminslutt 
Fredag i veke 2 er terminslutt, og det vil seie at det ikkje blir fleire vurderingar før karakteren blir satt. Onsdag i veke 3 vil elevane finna karakterar og halvårsvurderingar på Visma. 

God jul og eit godt nytt skulehalvår! 
Me ønskjer alle ein fin juleferie og gler oss til siste halvår med godgjengen på 10. trinnet! Me er klar for masse god læring før vgs!  
 
Tysdag 2. januar er planleggingsdag. Første skuledag etter ferien er onsdag 3. januar. 

Til info: Det blir berre sal av meieriprodukter i kantina dei siste dagane før jul. 

Elevrådet arrangerer Temaveke dei siste dagar før jul. Det startar opp måndag 11. desember. Følg med dag for dag. 

Det blir kåring av beste klasse med ein permie på 1000 kr! 


Førjulstid 
Då har me kome til desember månad, og me markerer det litt på BUS. Me har eit fagleg trykk heilt fram til jul, men me prøver å kosa oss litt inni mellom. Alle klassane skal pynta eit vindu i klasserommet, og Elsa og Elisabeth D vil premiera beste vindu etter gitte kriterie. 14. desember skal 10. trinnet arrangera adventssamling på skulen og adventsgudsteneste i Bryne kyrkje for heile skulen. Nokre elevar er med på å gjennomføra dette. Elevane har sjølv valt om dei vil gå i kyrkja eller vera på skulen.  
 
Siste skuledag før jul er onsdag 20. desember. 

Ha ei fin førjulstid! 

BankID/MinID 
Rett over jul skal elevane legge inn første utkast til vgs-søknad. Dette skjer på www.vigo.no. Endeleg frist er 1. mars. Elevane må logge seg inn på Vigo med MinID eller BankID. Det kan vera lurt å ha begge deler. Alle må ha minst ein av desse. Føresette må hjelpa ungdomen med dette. BankID kan ein bestille i banken. For å opprette MinID-bruker, kan ein ved hjelp av fødselsnummeret (11 siffer) enkelt bestille aktivieringsbrevet. Det kjem då i posten til ungdommen si folkeregistrerte adresse. Bestill her: Bestill aktiveringsbrev for MinID-bruker 

Hei Verden 
Då var det tida for Hei Verden igjen! I år samlar me inn pengar til landet Bangladesh. Målet er å samla inn mest mogleg pengar som skal gå til å gi barn moglegheit til å gå på skule. Elevane skal få vera med på ein kick-off måndag 20.11 i aulaen. Dei vil óg ha nokre timar der dei skal læra meir om Bangladesh, Hei verden og om kvifor me skal driva med solidaritetsarbeid. 
 
Jobb ein dag 
Tidlegare år har me i Hei verden hatt open kveld for føresette og bøsseinnsamling. På 10. Trinnet skal elevane jobba ein dag. Elevane kan anten arbeida i ein bedrift eller dei kan avtala å jobba heime. I denne veka har elevane fått med ein lapp med informasjon om jobbinga. Onsdag 29. november er jobbedagen! 

Julegudsteneste og adventsamling 14. desember 
Me nærmer oss desember og 10. Trinnet har ansvaret for å arrangera julegudsteneste i Bryne kyrkje og adventsamling i Aulaen. Elevane har sjølv meldt seg på kva for ein arrangement dei vil gå på og om dei vil vera med å bidra med gjennomføringar. 

Klassequizen 
4 elevar reiste i veke 43 inn til NRK Rogaland for å delta på Klassequizen. Elevane gjorde ein god innsats, men det var vanskeleg spørsmål! Det blei dessverre for mange feil, så det blir ingen Oslo-tur på elevane. 
Jenter og teknologi 
Nokre jenter reiste inn til Stavanger på torsdag, der dei fekk vera med på “Jenter og teknologi”. Her fekk dei masse informasjon om yrker og utdanning, og dei fekk treffa jenter som har valgt utradisjonelle yrker for jenter. Spennande og lærerik dag! 
 
Maritim og offshore dag 
På torsdag skal mange elevar reisa til Stavanger for å lære meir om utdanning og yrkesval innanfor offshore og maritim næring. 

FRIDAG 
Fredag 17. november er fridag både for elevar og lærarar. 

Hei verden 
I veke 48 startar me opp med årets solidaritetsinnsamling ved Bryne u skule. Me skal samla inn pengar til Hei verden, og me får informasjon måndag 27. november om prosjektet. På 10. trinnet skal elevane ha “Jobb ein dag”, der inntektene frå arbeidet går til Hei verden. Onsdag 29. november er arbeidsdagen, så det kan vera lurt å prøva å finna seg ein arbeidsplass i god tid. Det er og mogleg å arbeida heime!  
 
Elev- og utviklingssamtalane 
Kontaktlærarane er i gang med elev- og utviklingssamtalane! 

NRK sin klassequiz-konkurranse
På torsdag reiser 4 elevar inn til NRK sitt studio, der dei skal konkurrera om å bli beste
skule frå Rogaland. Vinn elevane blir det tur til Oslo, der ein får vera med på TVprogrammet “Klassequiz”. Me ynskjer elevane masse lykke til! Radiosendinga startar
klokka 14, og quizen blir direkte som første innslag etter kl 14.30. Følg med på NRK-radia!

Refleks
Elevane fekk utdelt refleksbånd på torsdag, og me håper at alle vil bruka denne kvar dag.
Det er mørkt om morgonen nå, så det er viktig å bli sett i trafikken.

DKS
På tysdag får me besøk av gruppa “Askanu Hip Hop med Babacarr Joof og Ion Barluc”
som skal ha ein hiphop-konsert for oss. DJ Slingshot og B Da Sufi lagar god stemning og
rappar på engelsk, fransk, wollof og norsk. Med energi og humør snakkar dei med
ungdommane om stereotypar, språk, kor dei kjem frå og om å jobba for å nå sitt mål.

UTV
Torsdag i veke 44 reiser ein del jenter til Stavanger på “Jenter og teknologi”. Dette er eit
tilbod gjennom UTV, der dei skal få vera med på ein årleg konferanse for jenter på
ungdomsskular og vidaregåande skular, kor rollemodellar og bedrifter inspirerer og viser
jentene kva for moglegheiter som finnes innan realfag og teknologi. Prosjektet har som
mål å auka kvinneandelen på henholdsvis tekniske yrkesfag, fagskular og høgskular og
universitet.

Det går mot mørkare tider og me oppmodar om at me nå må finna fram refleksen igjen.

I samband med årets refleksdag torsdag 19. oktober, vil kvar ungdomsskuleelev få utdelt ein refleks frå Trygg trafikk designa av Maud Angelica Behn.


Utdanningsval 
I førre veke var det Utdanningsval med besøk på vgs, diverse turar, idrettsprosjekt og mange elevar var i arbeidspraksis. Me håper elevane fekk nyttige erfaringar! På tysdag er det siste UTV-dag, der nokre skal til Bryne vgs og resten av gjengen skal ha skriveøkt på skulen. Det vil bli litt etterarbeid frå UTV i nokre av faga, og elevane jobbar vidare med UTV i fagtimane fram til veke 3 med Erling Knutzen. Det kan vera lurt å snakka med elevane heime om kva erfaringa dei har gjort seg, og om dei har begynt å tenkja på kkva dei vil søkja på til neste skuleår. 
 
Psykisk helsedag 
På fredag er det “Verdsdagen for psykisk helse”, og me skal ha ei felles markering for heile skulen. Temaet dette året er: # Lag plass. I 4.-6. time vil elevane få ein konsert, ein aktivitet og eit føredrag. I tillegg vil det vera små drypp med temaet i løpet av veka i klassane. 
 
4. time: konsert i Møllekjellaren Silje Sandanger 
5. time: valfri aktivitet; klatring, Jiujitsulab, vera kreativ, yoga, aktivitet i gymsalen eller hip hop.  
6. time: eit valfritt føredrag 
- “Oppmerksamt nærvær”, Familiesenteret 
- “Kropp og helse”, Vibeke Liltand ROS (rådgjevning for spiseforstyrringar) 
- “Sosiale medie”, Gustav Grastveit (Politiet) 
- “Er det fagleg å rusa seg?”, Ungdomsteamet 
- “Sunn fornuft”, Erling Knutzen 
 
Kino 
Torsdag19. oktober er me så heldige at me skal få gå på kino: “Sulis 1907” .

Elev- og utviklingssamtalane 
I veke 42- 44 skal lærarane gjennomføra elevsamtalane. Etter dette vil det vera utviklingssamtalar i veke 45-47. 
 
Haustferie 
I veke 41 er det haustferie! Me ønskjer alle ei herleg veke fri! 

 

I dag rauk ein del i ventilasjonsanlegget vårt her på skulen. Ny del er bestilt og vil koma om to veker. Dette går ut over klasseromma i den gamle delen av skulen og biblioteket. Dvs elevane som går på 8. og 9. trinn. Me har snakka med verneombod og kommuneoverlegen og kome fram til at skulen går som vanleg, men med desse tiltaka:

Alle elevane må ut i kvart friminutt og klasseromma må luftast ut. Det kan luftast ved behov i timane. Heldigvis er pollensesongen over og det er ikkje veldig kaldt ute. Me vil sjå det an i neste veke og setja inn nye tiltak dersom det viser seg nødvendig.



10A: Silje Hansen.
Vara: Hugo Daatland 

10B: Habiba Ali-Berge.
Vara: Tormod Gausel 

10C: Janne Høiland Berge.
Vara: Nina Regine Braut 

10D: Siri Ciekals Njærheim.
Vara: Gunnar U. Stangeland 

Me har fått melding om at ein del elevar har problem med ipaden heime. Me har hatt store nettverksproblem på skulen i dag. Me beklagar dette og satsar på at det ordnar seg i løpet av skuledagen i morgon, torsdag.