topLogoSpacer
 

Bykle barne- og ungdomsskule

1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  8.  9.  10.  

God sommar!
Publisert: 15.06.2012

Bykle barne- og ungdomsskule, ynskjer alle ein god sommar, og ein fin ferie!

Vi minner om skulestart til hausten, som er:
For lærarane: måndag 12 august, kl. 08.00
For elevane: onsdag 14 august, kl. 08.30

Aktivitetsdag for 8. og 9. klasse
Publisert: 18-06-2013

Tysdag 18. juni var det aktivitetsdag for 8. og 9. klasse.
Elevane blei delt i lag på tvers av klassene. Laga skulle innom ni postar

picture
 

rundt lysløypa. Dei skulle blandt anna kaste pil, bedømme avstanden mellom to punkt, sprette bordtennisballar oppi glas med vatn, og koke vatn i kjele.

Ålmannvegen med 1. - 4. klasse
Publisert: 17.06.2013

picture
 

 

1. - 4. klasse hadde ein flott tur på den

gamle Ålmannvegen frå Byklestøylane

til Bykle. Heile gjengen var kjempespreke

og koste seg. Dette er ein tur som kan

anbefalast:-)

Avslutning for 10. klasse
Publisert: 13-06-2013

Onsdag 12. juni var det siste skuledag for 10. klasse. Dagen blei markera med god middag og dessert, saman med foreldre og lærarar på samfunnshuset.

Vi ynskjer dei lykke til vidare på skule, og elles i livet.picture

Overnatting på skulen
Publisert: 07-06-2013 skrive av: ID

4.klasse overnatta på skulen frå torsdag til fredag i veke 23. Dei kosa seg med kake, brus, godteri og pizza. Dei laga "teppehytte" som dei sov i på klasserommet. Det var litt vel skummelt når det var nokre som fann bilete frå skrekkfilmen " The Grudge" på pcèn. ...... Men alle sov godt om natta. Takk til Ingrid og Marta for pizza og kake, og takk til Ragnhild som var med som nattevakt!

picture
 

 

picture
 

Sjå fleire artiklar >>

 
 
.