Meny
Forside
Nordsjøvegen 230 4352 KLEPP
Telefon: 92017360 Send oss e-post
Redaktør: Kari-Anne Gausdal Johannessen
Administrasjonen
Minadmin
Gå til Fronter
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Hva er Eirik Raude-senteret?

Eirik Raude-senteret gjer eit individuelt tilrettelagt skuletilbod til elevar med betydelege åtferdsvanskar, der dei opplever meining og meistring i det teoretiske, praktiske og sosiale arbeidet på senteret. Elevane får eit skreddarsydd undervisningstilbod, med strukturert trening i sosial kompetanse. Skuletilbodet kan variere i omfang, med få dagar til heile veker med undervisning på senteret, samt  arbeidstrening i bedrift. Elevane blir tilbakeført til heimeskulen så raskt som mogleg, når eleven og heimeskulen er godt førebudd.  

Utadretta verksemd. Me ser helst at tiltak i skule og heim blir iverksett så tidleg som mogleg, mens barnet og familien enda er mottakelege for endringar. Førebyggjande tiltak blir sett inn allereie i barneskulen. ERS  følgjer opp elevar på heimeskulen, med rettleiing til personale, samstundes som barnevernstjenesta og/eller vår sosionom hjelper føresette.   

Eirik Raude-senteret arrangerer kurs for dei ansette i kommunen og er med og driv Nettverk for sosiallærar i kommunen.   


EIRIK RAUDE-SENTERET RESSURSSENTER FOR KLEPP -OG TIME KOMMUNE  

Eirik Raude-senteret gjer eit individuelt tilrettelagt skuletilbod til elevar med betydelege åtferdsvanskar, der dei opplever meining og meistring i det teoretiske, praktiske og sosiale arbeidet på senteret. Elevane får eit skreddarsydd undervisningstilbod, med strukturert trening i sosial kompetanse. Skuletilbodet kan variere i omfang, med få dagar til heile veker med undervisning på senteret, samt  arbeidstrening i bedrift. Elevane blir tilbakeført til heimeskulen så raskt som mogleg, når eleven og heimeskulen er godt førebudd.  

Eirik Raude-senteret  har mange gode støttespelarar og samhandlingspartar. Det er ikkje den enkeltes dugleik aleine som er avgjerande for om me gjer ein bra jobb, men korleis me samhandlar og dreg lasset i lag. Me he erfart kor viktig samhandlinga mellom skule, ppt, psykiatri, ungdommen sjølv og deira føresette er.   ERS har dyktige medarbeidarar som er fleksible og strekker seg langt for å finne dei beste  løysingane for ungdommen og deira føresette. Me tek kvarandre på alvor, bruker mykje tid i lag og byggjer gode relasjonar.  

Ein viktig føresetnad for å endra ei negativ utvikling er at den enkelte ungdom får hjelp på fleire arenaer samstundes. Dette ligg til grunn for senteret sin nære samhandling med barnevernstenesta. Me gjev tett oppfølging i skule- og fritid til elevar og føresette som har tiltak etter Lov om barnevernstenestar. Alle føresette deltek på foreldrerettleiingskurs på senteret. Og andre føresette til ungdom mellom 12 og 17 år, som slit med relasjon og kommunikasjon med sine ungdomar, kan delta. På kurset lærer dei strategiar for å endre fastlåste mønster, og for å utvikle tryggleiken i vaksenrolla. Føresette får i tillegg individuell oppfølging av vår sosionom.  

Ungdom  i risikosonen treng i periodar å bli overvaka på fritida, difor samhandlar me med Politiet, den lokale fritidsklubben og  Oppsøkande UngdomsTjeneste. Politiet deltek i rus -og  kriminalitetsførebygjande arbeid på senteret og på foreldrerettleiingskurset vårt.  

Utadretta verksemd. Me ser helst at tiltak i skule og heim blir iverksett så tidleg som mogleg, mens barnet og familien enda er mottakelege for endringar. Førebyggjande tiltak blir sett inn allereie i barneskulen. ERS  følgjer opp elevar på heimeskulen, med rettleiing til personale, samstundes som barnevernstjenesta og/eller vår sosionom hjelper føresette.   Eirik Raude-senteret arrangerer kurs for dei ansette i kommunen og er med og driv Nettverk for sosiallærar i kommunen.