Meny
Forside
Nordsjøvegen 230 4352 KLEPP
Telefon: 92017360 Send oss e-post
Redaktør: Kari-Anne Gausdal Johannessen
Administrasjonen
Minadmin
Gå til Fronter
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Diktgave fra byggeleder Arne Ove

EIRIK RAUDE -SENTERET

Endelig er det blitt nytt liv i et gammelt hus med sjel

Innvendig fremstår det som romsligt og huser ein heil del

Rotet er borte og bygget er tett, kven skulle dette for noen år siden innsett

Ivrige hender har jobbet tidlig og seint, for å komme i havn

Kom inn å sjå alle dei funksjonaliteter bygget har i sin favn  

 

Rektor på kontoret sitt, har fått det romsleg og flott

Ansatte har store  arbeidsplasser, som passer godt

Ungdomane her vil tilpassa opplæring få, så dei kan kjenna at her er det godt å gå

Dei voksne vil sørge for, at det blir ein god plass å vera

Elevane kan saman med voksne diskutere, kva som skjer i ute verda.  

 

Senteret her flott det ligg, med mulighet for å nytta naturen omkring, inklusiv Bore strand

Etter litt at og fram kom samarbeid om slik undervisning med Time i stand.

Nokon derfor i ein fart ut av bygget måtte flytte, meir plass ville komme til nytte

Tegninger og innredning, måtte på plass ved første anledning

Ekstra lærare var allerede på plass, og når skulen starta måtte dei  ha sin arbeidplass

Rektor var bekymra om dette ville gå, og om innredinga på plass til rett tid ville stå

Elevane har både felles rom og eigne rom der dei kan lesa, arbeida og drøyma seg bort

Tenk på alt vi oppe og nede, ute og inne med dette flotte bygget har fått gjort


Av Arne Ove Teigen

(regner med at du la merke til det loddrette ordet ...)

Til opning av Eirik Raude Senteret, 10.09.15.

Gratulerer med dagen alle sammen.

Den draumen

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje – 

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ein morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.

                                                 Av Olav H. Hauge      

 

 

 

Kvardag

Dei store stormane

har du attum deg.

Då spurde du ikkje

kvi du var til,

kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,

du berre var i stormen,

var i elden.

Men det gjeng an å leva

i kvardagen òg,

den grå stille dagen,

setja potetor, raka lauv

og bera ris,

det er so mangt å tenkja på her i verdi

eit manneliv strekk ikkje til.

Etter strævet kan du steikja flesk

og lesa kinesiske vers.

Gamle Laertes skar klunger

og grov um fiketrei,

og let heltane slåst ved Troja.

 

                                      Av Olav H. Hauge