Meny
Forside
Nordsjøvegen 230 4352 KLEPP
Telefon: 92017360 Send oss e-post
Redaktør: Kari-Anne Gausdal Johannessen
Administrasjonen
Minadmin
Gå til Fronter
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Fjåge folk på Jæren

June takkar Eirik Raude-senteret for at ho har eit liv til å smila av i dag.

Tekst:Jorunn Erga Steinsland  Publisert Jærbladet :07.10.2015 kl 18:05


For to år sidan hadde eg aldri trudd eg kunne vore der eg er i dag.

June Grude sit ved lunsjbordet på arbeidsplassen Rumag skilt og reklame i Vardheia.

Kvar morgon går ho dei fem minutta frå heimen på Tu til jobb.

For eitt år sidan, på sin eigen 17-årsdag troppa June opp hjå Rumag. Ho visste at personen som skulle ha begynt på jobb i dei tider ikkje kom til å koma, og tok sjansen og spurte om jobb. Rumag tok sjansen og sa ja.Ingen av dei har angra.

 

- Alt var drit.Viss ein hadde spola nokre år tilbake i tid, hadde ein møtt ei ganske anna June. Ei June som nett har begynt på Klepp ungdomsskule. Ei June som slit med eigne tankar, som slit med å passa inn.

- Eg ville vel eigentleg ikkje passa inn heller. Alt var bare drit. Eg hadde det ikkje godt med meg sjølv, fortel ho.

June følte ikkje ho fekk noko til. Viss nokon snakka til henne, svara ho ikkje. Ho ville ikkje ha kontakt med nokon. Til slutt heldt ho seg mest heime.

- Eg følte at ingen tok meg på alvor - at dei gav meg opp. Eg klarte ikkje fungera blant dei andre i klassen, fortel ho.

 

Fram og tilbake

Månadane gjekk og June fekk til slutt plass på Eirik Raude-senteret - eit tilpassa opplæringstilbod for ungdomsskuleelevar i Klepp kommune. Då gjekk ho i niande klasse.

- Då snudde alt seg til det positive. Der er det få elevar og få lærarar. Eg kan takka dei damene der nede for at eg ikkje hamna på feil spor, seier 18-åringen.

Etter tre månadar måtte June tilbake til den vanlege skulen. Det gjekk dårleg og ho fekk koma tilbake til Eirik Raude og fullførte ungdomsskulen her.

Ho fortsette på ein liknande vidaregåande skule, men opplevde kvardagen igjen som vanskeleg.

Etter nokre ulike arbeidspraksisar dukka altså mulegheita på Rumag opp og June greip henne med begge nevane. Då hadde ho meir eller mindre lege heime i senga i to månadar.

 

Glede

 - Eg gjorde det mest for mamma. Eg såg ho vart lei seg av at eg bare gjekk heime. Eg ville visa kva eg kan, seier ho.

- Eg trur ho er ganske stolt av meg nå, legg ho til med eit smil.

Eitt år har gått fort. June bur framleis heime, men er også lange periodar på Nærbø hjå kjærasten.

- Eg kunne ikkje fått det betre, slår ho fast.- Kva er det som verkeleg gjer deg glad?

- Å vera med typen min - då blir eg glad, og å vera på jobb og tena eigne pengar, seier den ferske 18-åringen.


Main Image
Bilde 1 av 1