Meny
Forside
Nordsjøvegen 230 4352 KLEPP
Telefon: 92017360 Send oss e-post
Redaktør: Kari-Anne Gausdal Johannessen
Administrasjonen
Minadmin
Gå til Fronter
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Klypte snora og ønskte Time velkommen inn

Eirik Raude-senteret i Klepp er på plass i nye lokale på Borsheim. No skal dei også gje tilbod til Time-elevar som slit.

Tekst: Åge Bjørnevik. Publisert Jærbladet:11.09.2015 kl 15:10

Sidan 2009 har Klepp kommune drive senteret, som gjev tilbod til nokre få skuleelevar som har store problem med å tilpassa seg den vanlege skulekvardagen. I tillegg gjev dei råd og hjelp til skulane og familiane i vanskelege saker.

– Eit unikt tilbod

Under den høgtidelege opninga torsdag ettermiddag takka ordførar Ane Mari Braut Nese initiativtakarane, leiarane og dei tilsette som har utvikla senteret frå idé.– Med Eirik Raude-senteret har me i Klepp fått til noko som ingen andre har gjort før. Dette viser att i Rogaland som eit eksempel til etterfølgelse. Det finst unge som treng noko ekstra, ikkje berre i Klepp, men overalt, sa ordføraren før ho klypte snora og markerte den høgtidelege opninga av senteret, som no held til i ein nyrenovert gamleskule på Borsheim.

Time er med

Senteret flytta frå Øksnavad til Borsheim allereie i januar, men då Time ville vera med, måtte også kjellaren pussast opp. No er alt på plass, og senteret skal gje hjelp til elevar, skular og familiar både i Klepp og Time. Førebels skal utgifter og arbeid for dei åtte tilsette fordelast etter nøkkelen 5/8 til Klepp og 3/8 til Time.

– Eg skal kanskje passa meg for å seia noko om den fordelinga, men sidan Jærbladet ikkje høyrer etter akkurat no, så kan eg vel tillata meg å seia at eg har inga tru på at behovet i dei to kommunane fordeler seg etter den brøken, sa Trond Roy Pedersen, kommunalsjef for skule og barnehage i Klepp, under opninga.

– Og ordføraren har heilt rett i det ho sa om eit eksempel til etterfølgelse. Me opplever stadig at andre kommunar tar kontakt for å læra av korleis me har gjort det med Eirik Raude-senteret, sa Pedersen.

– Treng ein pause

Her og no er det tre elevar som går på Eirik Raude-senteret, og i tillegg er dei involverte i arbeid i to skular.

– Elevtalet her hos oss varierer. Elevane høyrer til på heimeskulen. Me låner dei berre, seier leiaren for Eirik Raude-senteret, Kari-Anne Gausdal Johannessen. Målet er å gje elevane ein meiningsfylt kvardag, der dei opplever at dei meistrar noko. Praktisk arbeid kan vera ein nøkkel i så måte for mange, og senteret har tett samarbeid med lokale bedrifter som Block Berge Bygg og Kverneland Elektriske.

– For at elevane skal oppleva meistring, er det viktig at me gjer meir av det dei er flinke til. Den vanlege skuledagen er blitt teoretisk, og der er veldig mykje fokus på mål og karakterar.

Ei praktisk tilnæring er dessverre blitt mindre sentral, seier Johannessen.

Tettare oppfølging

På Eirik Raude-senteret får elevane også meir ro og tettare oppfølging i kvardagen.

– Alle har rett på tilpassa opplæring. I den norske modellen vil me helst ikkje ha så mange tilbod utanom skulen, og det er bra. Men me erfarer at ein del elevar treng ein pause frå skulekvardagen. Viss du for eksempel har diagnosar som ADHD eller Asperger, så kan kvardagen på skulen framstå som krevjande og kaotisk. Eller viss du er ei jente på 14-15 år som tenkjer på at du heller skulle vore heime for å kontrollera kor mykje mor drikk. Det er ikkje lett å konsentrera seg i ein vanleg skulekvardag då, seier Johannessen.Senteret legg vekt på tverrfagleg arbeid, og på å sjå heilskapen rundt eleven – både heime og på skulen. Derfor har dei også nyleg tilsett ein sosionom i fagstaben.

Open dag onsdag

Onsdag skal barnehagen, som held til i nabobygget, ha foreldremøte. I samband med det inviterer Eirik Raude-senteret heile bygda til ope hus for å visa fram seg sjølv og dei nye lokala.– Me er kjempenøgde, og gler oss til å visa bygda kor fint me har fått det her, seier Johannessen.

Main Image
Bilde 1 av 1