Meny
Forside
Nordsjøvegen 230 4352 KLEPP
Telefon: 92017360 Send oss e-post
Redaktør: Kari-Anne Gausdal Johannessen
Administrasjonen
Minadmin
Gå til Fronter
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Naturfag i friluft

Laga eksplosiv hydrogengass i nydelig vårvær.
I praktisk naturfag i dag var ei av oppgåvene å laga hydrogengass, som er ein gass lettare enn luft (lettaste gassen som finst), den er også eksplosiv og dermed litt farlig. Vi hadde ikkje noko kjemisett med reagensglas og røyr så vi gjorde det lettvint med å først ha små biter med zink i bunnen av ei stor brusflaske, vi festa ein ballong på ein vinkork med hull gjennom, tømde uttynna saltsyre i flaska og sette korken på. Den kjemiske reaksjonen mellom zinken og saltsyra ga så hydrogengass. Vi testa eksplosiviteten i gassen med å tenna på ballongen på sikker avstand, det vart eit fint poff og litt flammer. Vi ønskte også å laga knallgass , men i mangel på oksygen testa vi med å bare ta i litt vanleg luft i ballongen før vi tok i hydrogengass. Det vart eit litt større POFF, kanskje bare fordi vi håpa det :-) Vi hadde stille klarvær i dag så den siste ballongen, den vi sende opp i "stratosfæren" gjekk veldig rett opp og vi såg den veldig lenge.
Main Image
Bilde 1 av 4