Klubbdag - turgruppa
Publisert: 26.01.2012 skrive av: Erlend
Klubbdag er knallkjekt!
Særleg på tur i marka!
Pølsesal
Publisert: 25.01.2012 skrive av: Monika
PØLSESAL
Etter fleire ønskje frå klassane om kantine, har elevrådet bestemt seg for å selje pølser i 3. time fredag 27. januar. Ei pølse kostar 10 kroner og ein kan kjøpe maks to pølser kvar om ein er skikkeleg svolten! Håper dette er noko me kan gjere innimellom. Overskotet av salet går til elevrådet som vil bruke det til noko kjekt for alle!

4. KLASSE PÅ "BOK BLIR FILM"
Publisert: 23.01.2012 skrive av: Åshild
Onsdag var 4. klasse på " Bok blir film" på Karmøy kino. Klassen hadde ein kjekk og lærerik dag i Kopervik.
"Ei glede for heile folket"
Publisert: 01.01.2012 skrive av: Monika Jakobsen
Godt nyttår og takk for det gamle! Eit av høgdepunkta på skulen vår på slutten av 2011, var den årlege grautfesten. Me øvde på song og skodespel gjennom heile november og desember. Onsdag 14. desember stod heile skulen saman på scenen på Berøa og viste for foreldre, besteforeldre og sysken historia om då Jesusbarnet blei født. 1. klasse kom inn med lys og sang Luciasongen. Deretter viste me skodespelet "Ei glede for heile folket". Me er stolte over dei flotte og flinke elevane våre og håper alle som var saman med oss på grautfesten gjekk inn i jula med julestemning! 

Sjå fleire artiklar >>