Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innhaldsrike dagar før påskeferien!

Torsdag og fredag før påskeferien skjedde det ikkje mindre enn tre "annleis" aktivitetar på skulen og i barnehagen. Vi feira Aud Marie sin 60-årsdag, vi var på påskegudsteneste, og vi gjekk på påsketur! Les litt om kvar hending, og sjå MANGE bilete i saka vår!

Aud Marie 60 år!
På torsdag 26. mars vart reinhaldaren vår, Aud Marie Bøe, 60 år! Vanlegvis markerar vi bursdagar med ein liten kakefest i personalet, men i og med at Aud Marie jobbar både i barnehagen og på skulen, og gjer ein kjempejobb for både born og vaksne, ville vi markere 60-årsdagen hennar med ein liten fest for heile oppvekstsenteret! Borna fekk gele og sjokoladepudding, elevane i skulen hadde laga flotte kort til jubilanten, som også fekk overrekt ei gåve frå personalet. Og så høyrer det jo med til historia at Aud Marie hadde med ei kake som dei tilsette fekk kose seg med både torsdag og fredag...

Påskegudsteneste
Dette skuleåret var ikkje presten med på juleavslutninga vår, slik det har vore tradisjon i lang tid. I år ville vi heller ha ein påskegudsteneste like før påskeferien, og på torsdag inviterte Terje prest, Unni organist og Dag kyrkjetenar oss til kyrkja. Elevar bidrog med utdeling av programark, songinnslag, tekstlesing, og eigenskrivne bøner, i tillegg til at vi song i lag, og Terje viste bilete og fortalte om dei ulike dagane i påska. 
Både små og store gjekk opp og ned til kyrkja denne torsdagen. Dei aller minste i barnehagen fekk rett nok sitje i vogner, og dei eldste elevane bidrog med å trille vognene både opp og ned!

Påsketur
Siste del av siste skuledag før påske, gjekk med til den tradisjonsrike påsketuren til uteplassen. Borna var med på sporleik, dei kokte eigenmalte egg, spidda pølser og pinnebrød. Vèret var godt, og vi fekk til og med besøk av sola i lengre periodar! Mot slutten av samlinga song vi også nokre påskesongar, før vi returnerte til oppvekstsenteret, klare for påskeferie!

GOD PÅSKE til både born, føresette og tilsette!

Main Image
Bilete 1 av 53