Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Stas med skulestart!

Torsdag 17. august møtte 38 spente elevar opp til skulestart ved Fogn oppvekstsenter! Sjølv om vèret kunne vore betre, så var timinga god, slik at både oppmøte, fotografering og uteleik foregjekk i opphaldsvèr og behageleg sommartemperatur! Gjensynsglede og god stemning prega heile skuledagen, og både smil og latter sat laust! Det einaste skåret i gleda for enkelte, var at dei ikkje fekk ta med seg datamaskinene som dei får låne av skulen, heim. Desse får dei først med seg når dei kjem med signert kontrakt frå heimen. Denne kontrakta, og anna informasjon, er sendt heim med elevane i brevs form i dag. Det er flott om de som er føresette les det elevane har med seg, og fyller ut det som er fylle ut, slik at elevane får det med attende til skulen så fort som råd er. Klikk "Les mer" for å sjå fleire bilete frå den første skuledagen i år!
 
Main Image
Bilete 1 av 23