3. klasse har saman med 2.klasse vore på nydeleg skøytetur og snørik aketur. Fleire andre klassar har også kome og gått, og det har vore veldig kjekt å vere mange frå ulike trinn som har boltra seg i vinteren saman.
Elevane har storkost seg med både kuldegrader og snø i det siste. Dei har prøvd nye ting, slått seg litt, hjulpe kvarandre og lånt kvarandre utstyr. Dei har fått utforska kaldt ver, og klart seg i djup snø. Dei aller fleste tåler godt å ver ute i fleire timar, og har gode klede. Det kan også tenkast at nokre lærte noko om kva som eignar seg som klede slike dagar.
Fredag 19. januar, gjorde 3.klasse eit eksperiment på å lage softis ute.Nokre var ivrige til å røre forsiktig, medan andre tok seg tur etter tur i akebakken. Me pøvde også å lage is i pose.
Bileta er tekne av Marit og Silje