Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Idrettsdag!

Utruleg gøy å avslutta før ferien med ein idrettsdag for store og mindre store.

Tru til tradisjon en blei siste dag før vinterferien tilbragt i Frøyhallen.

Alle elevar og vaksne var samla til turnering i innebandy og basketball - med 10.trinn mot lærarlaget som eitt av høgdepunkta. I år gjekk seieren til lærarane i begge disiplinar - eg trur kanskje ikkje at elevane var førebudde på kva som kan bu i vaksne med utruleg stor dose av konkurranseinstinkt- Talet på straffer som lærarane fekk mot seg var kanskje eit godt bilete på dette.

Me hadde ein super gjeng som sikra kiosksal, og det var god aktivetet gjennom heile dagen. Alle trinn spete mot kvarandrei eit godt handikapsystem. Dette førte til at både tribune og bane var gode aldersblanda. Dette er god for skulen, og det godt å sjå kor bra me alle har det saman.

Tusen takk til alle som sto bak sjølve arrangementet, dommarar og utruleg innsats og humør både på og utanfor banen.

Ha ein god og velfortent vinterferie alle mann.


Main Image

Bilete 1 av 7