Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Nordic Edge - og KnowHow EdTEch-konferanse

Nordic Edge 2017 - Bileta seier nok sitt. Me var inviterte til å vera med alle tre dagane. Tysdag var me inne med 12 elevar og 3 vaksne - onsdag og torsdag på stand med ein vaksne og 4 elevar. Masse inntrykk og utruleg mykje god respons frå alle rundt oss. Time Kommune og Frøyland ungdomskule blei sett på kartet og me fekk - stolte som berre det - visa fram flotte elevar og mykje god bruk av læringsteknologi. Og dette fekk me gjera midt i sentrum av Norden sin størte Smart City-konferanse. 

Som del av EdTEch-konferansen på tysdag, var me inne med 12 elevar frå 9.trinn, samt Kine, Glenn og Asbjørn. Elevane hadde undervisning i eit eige konferanserom, og viste 4 økter med ulik bruk av læringsteknologi. I «klasserommet» var det to kameramenn som dokumenterte arbeidet til elevane. Dette materiellet ser eg fram til å få fatt på - blir kjekt å kunne visa andre. 

Me samspelte i Garageband, programerte Micro:Bit og kopla på komponenter på eit koplingsbrett. Dei programerte Sphero og arbeidde med eit dybdeoppdrag med utgangspunkt i TV-aksjonen 2017. Dette var i samarbeid med TV-aksjonen og Unicef. Alt arbeidet blei dokumenter med korte videoklipp kor elevane forklarte kvifor dei gjorde det som dei gjorde, og sette ord på arbeidet. Dei kommunikerte og samarbeida kring oppdrag som dei måtte løysa, og folk som var innom blei fascinerte over fokus og djupne i det som dei gjorde. 

På skulen har me ein e-publikasjon med produkta og ei oppsummering av dagen. Den kan de sjå om de kjem innom (den er for stor til å lasta opp).

På hovedscenen i Forum blei det vist film frå «klasserommet» vårt, og Glenn og Asbjørn var begge på scenen for å forklara publikum kva det var dei såg, og snakka litt om det å vera lærar når teknologien tar plass i skulen. Kine blei intervjua to gonger - Jærbladet og TV-Vest. De må sjå etter dei innslaga. 

Onsdag og torsdag var Kine og 4 elevar del av Time Kommune sin stand på Nordic Edge. Her arbeidde dei med skulearbeid, snakka med interesserte vaksne - dei var eit skikkeleg trekkplaster. Dette må ha vore den beste standen på heile expoen. Elevane programerte Sphero og Micro:Bit, og dei gjekk rundt og viste fram dei produkta som me hadde sette saman i ei e-bok. Skikkeleg gode ambassadører for det arbeidet som me gjer med læringsteknologi. Dei var tett på kommuneleiinga og politikarar, og blei framheva som dei aller viktigaste. Steingøy.

Dette kunne eg ha skrive mykje om, og fortel gjerne om det er nokon som vil høyra. Nokre av de var innom og helsa på, andre har heia på oss gjennom sosiale medier og meldingar. Takk for alt det. Sjå TV-vest og Jærbladet. Her får de eit inntrykk av kva me har fått vera ein del av. 

Takk til lærarar - som har vore med, men og til de som var igjen og ga oss rom til å stå i dette. Takk til alle rundt oss i verdens beste kommune, stab og politikarar. Takk for at de trur på oss. Takk til foreldre som lar oss få ta med ungdommen ut, og for den heiagjengen de er. Ikkje minst! Tusen takk til alle elevar. For ein flott gjeng å vera ute med. Fytti de er gode!!

Helsing frå ein utruleg stolt rektor!

Main Image

Bilete 1 av 9