Vi ynskjer alle ein fin 17.mai !
Publisert: 16.05.2012 skrive av: Irene H.H.
Det vart eit kjempeflott barnetog rundt Grasdal skule i dag, då vi øvde oss med marsjering og klasserop. Det blir spennande å sjå kven som vinn pokalen for beste innslag og oppmøte i toget i morgon på 17.mai.
TILLUKKA MED DAGEN ALLE SAMAN!

Program for mai og juni på Grasdal skule
Publisert: 13.05.2012 skrive av: Irene H.H.
No er årshjulet oppdatert og nye programpostar lagt til. Det blir
FØRSKULEDAG torsdag 31.mai, og
SOMMARFEST for alle elevar og foreldre onsdag 13.juni.
Hjartemarsjen 2012
Publisert: 09.05.2012 skrive av: Irene H.H.
Ei sprek oldemor imponerte alle då ho var med Amalie på marsjen!
Det var 14 andre personar utanom elevar og tilsette som deltok.
Mandag 7.mai gjekk vi på tur frå skuleplassen, og løyste oppgåver i ein Helsequiz undervegs. Etterpå serverte helselaget frukt til alle. Det var 19 spørsmål, og tre vinnarar hadde 18 rette!
Det var gruppe gul og svart, og Sigurd Knudsen. Gratulerer!
Betre læringsmiljø
Publisert: 26.04.2012 skrive av: Irene H.H.
No kan du sjå video på youtube.com om prosjektet vårt i Meland kommune. Det er flott dans av elevane frå alle skulane, og intervju av elevar og lærarar om satsingsområda våre: 
* Reglar og konsekvensar
* Relasjonar
* Klasseleiing
* Læringstrykk
Sjå lenke under lenkemeny til venstre, eller følg lenke her:
http://www.youtube.com/watch?v=8I5z5wKGMXY