BRUK REFLEKS!
Publisert: 18.01.2012 skrive av: Rektor
Politiet kom på ein liten morgonvisitt på skulen. Dei var ikkje imponerte over refleksbruken til elevane. Det var også svært få som hadde godt nok lys på sykkelen og dei såg nesten ingen som brukte refleksvest. Me kan minna om at samtlege elevar i 1.-4.klasse fekk utdelt refleksvestar på Beintøftarrangementet vårt i haust. Det er framleis svært mørkt om morgonane og ikkje lett å få auga på nokon som ikkje har refleks. Så, me er einige med politiet - BRUK REFLEKS!

Skulefrukt
Publisert: 10.01.2012 skrive av: Rektor
Det er no tid for å melda seg på ordninga med skulefrukt for våren 2012. Dette kan gjerast på skolefrukt.no

http://www.skolefrukt.no/om-skolefruktordningen/slik-bestiller-foresatte.html
Invitasjon
Publisert: 03.01.2012 skrive av: Helsesøster og sosiallærer
Helsesøster ønsker i samarbeid med sosiallærer på Grindhaug skole å etablere en gruppe for barn med to hjem. Vi vet at disse barna ikke nødvendigvis har større problemer enn andre barn, men at noen har det vanskelig og strever med å bli fortrolig med at far og mor ikke bor sammen lenger.
Bestilling av mjølk
Publisert: 02.01.2012 skrive av: Rektor
No kan de bestilla skulemjølk for våren 2012. Gå inn på www.skolemelk.no for bestilling av abonnement. Logg inn med e-postadresse og passord. Trykk abonnement, vel elev, fylke, kommune og skule. Vel også semester, produkt og legg dette i handlekorga. Gjenta prosessen viss du har fleire barn. Viss du bestiller før 9.desember, vil barnet ditt få mjølk den første veka av semesteret. Første mjølkdag vil bli oppgitt i bestillingsbekreftinga du mottek frå skolemelk.no når du har fullført bestillinga.

Utegym/tur for 7B i fantastisk vintervær!
Publisert: 21.12.2011 skrive av: Kristin
Onsdag 21.des valgte 7B å gå på tur til Josefskogen for å lete etter røtter som nissene våre etter juleverkstedet skulle stå på.
Sjå fleire artiklar >>