Meny
Velg seksjon Yrke og utdanning
Fjelltunvegen 37 4103 Jørpeland
Telefon: 45613117 Send oss e-post
Redaktør: Ragnhild Sandvik

Kjære alle elevar og føresette ved Jørpeland ungdomsskule!

No er me stort sett klare, og det er ei glede for meg, på vegne av alle tilsette ved JUS, å ønske velkommen til nytt skuleår og skulestart i morgon tidleg!

Alle elevar møter i morgon 17. august til første time kl 8:15.

Me håpar at de også er klare for skulestart, og gler oss til å møte kvar og ein av dykk:-)

                                    Beste helsing Gunn Marte Bull (rektor) & CO


Dersom ein går eitt av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma (studiespesialisering, idrettsfag, musikk-dans-drama, medier og kommunikasjon eller kunst, design og arkitektur) eller tar påbygg, vil ein få generell studiekompetanse. Då kan ein konkurrera seg inn med karakterane sine frå vgs på dei fleste studier. Du kan òg få generell studiekompetanse ved å ta påbygg etter to år på yrkesfag eller etter at du har tatt fagbrev.

Nokre studier krev at ein har spesiell studiekompetanse. Dette gjeld f.eks. ingenør, økonom, lege og dyrlege. Spesiell studiekompetanse er mykje forskjellig alt etter kva studie det er snakk om, men i mange tilfeller handlar det om at ein må ha ekstra matematikk og eit eller fleire naturfag (fysikk, kjemi, biologi). Dette får ein enklast og sikrast ved å gå på utdanningsprogrammet studiespesialisering, der du i løpet av 2. og 3. klasse til saman skal velje seks eller sju programfag sjølv.

 


Inntaket til vidaregåande skule baserer seg på karakterane elevane har til sommaren i 10. klasse. Dersom det er stor søknad til eit spesielt utdanningsprogam, oppretter dei kanskje ekstra klasser, medan dårleg søkning kan føra til nedlegging av klassar.

På denne måten prøver Rogaland fylkeskommune, som eig dei vidaregåande skulane, å gjera det slik at flest mogleg elevar får førstevalet sitt.

Når det ikkje går, er det karakterane som gjeld dersom det er oversøkning til eit utdanningsprogram eller ein skule.

Private skular nyttar julekarakterane i inntaket.


På ungdomsskulen skal alle elevane ha eit 2. framandspråk (tysk, fransk eller spansk), engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Skal du gå på eit studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule, bør du ha 2. framandspråk. Dersom du skal gå på yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande, har det ikkje noko å seia kva du vel.