Publisert: 28. februar 2024 | Sist endret: aldri | Forfatter: Asle Kregnes

Kartleggingsprøver på 1. trinn

1. trinn skal gjennomføre kartleggingsprøver i perioden midten av mars til 3. mai. 

Kva er kartleggingsprøver?
Kartleggingsprøvene i lesing og rekning er laga for å finne elevar som treng ekstra oppfølging.

Kvifor kartleggingsprøver?
Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet.
Prøvene er digitale og er laga for elevar på 1. og 3. trinn.
Resultata frå prøvene
Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er i eit definert oppfølgingsområde. For desse elevane kan du sjå kva dei har svart på dei ulike oppgåvene i prøva.

Kartleggingsprøvene består av mange lette oppgåver. Derfor gir prøvene lite informasjon om elevane som får til alle eller nesten alle oppgåvene.
Resultatvisninga
Når elevane har avslutta prøva, viser resultatvisninga i PAS – prøver oversikt over elever som er i oppfølgingsområdet. For elevane i oppfølgingsområdet vil resultata for alle oppgåvene være tilgjengelege i resultatvisninga. For dei andre elevane vil det berre vises at de har gjennomført prøva. 
Prøvene er adaptive. Dei nye kartleggingsprøvene er blokk-adaptive. Dei er lagt opp litt ulikt, men felles er at elevane startar med å gjere nokre oppgåver som er like for alle. Basert på resultatet frå desse oppgåvene, sendes elevane ulike veger i prøva. På denne måten får elevane tildelt oppgåver som dei kan meistre. 
Oversikt over prøvene
Lesing på 1. trinn
Rekning på 1. trinn

Korleis blir prøvene laga?
Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med fagpersonar i Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir utvikla i samsvar med kvalitetskrava i rammeverk for kartleggingsprøver, og at dei blir tilstrekkeleg kvalitetssikra.