Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4352 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Its Learning
Trygg skuleveg

Vi vil at alle elevar skal ha ein trygg og god skuleveg, og ber difor om at de ikkje køyrer elevane til skulen. For kvar bil som køyrer inn til skulen, blir skulevegen meir utrygg for dei som går og syklar!

Bruk droppsonen ved bussstoppet eller parker ved idrettshallen dersom du må køyre eleven eller vil følge inn til skulen.

Det er no forbod mot å køyre heilt inn til skulen frå Viervegen på oppsida av skulen, køyring inn til skulen frå andre sida (til rundkøyringa) er ikkje ønskeleg, då det skapar mange farlege situasjonar, og vi er redde for at det kan skje ulykker.

Dersom det er spesielle årsakar til at eleven ikkje kan gå, som f. eks. at eleven bruker krykker, er det sjølvsagt iorden å køyre til skulen.

Til slutt, ei vennleg påminning: Pass på at elevane har refleks no i haustmørket!