Meny
Velg seksjon Framside
Kleppelundvegen 17 4352 Kleppe
Telefon: Rektor 51 42 98 97 Send e-post til oss
Redaktør: Jan Bekkum
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Mål for kulturskulen

Klepp kulturskule ynskjer gjennom opplæring innan musikk og andre kulturfag å skapa levande kulturinteresse i kommunen.  

Kvalitet i undervisninga skal stimulere eleven til fagleg dugleik, personleg utvikling og oppleving.

Eleven skal møta trygge og dyktige lærarar som stiller krav om øving, interesse og frammøte til timane.

Klepp kulturskule er ein skule der me ynskjer å læra elevane grunnleggjande teknikkar og forståing for faget, noko som gjer dei trygge på det dei kan, samstundes som ein søkjer å formidla inspirasjon og kjærleik til faget slik at dei er i stand til og har lyst til å fortsetja på eiga hand den dagen dei sluttar i kulturskulen.

Søknadsskjema til kulturskulen vil du finne på Klepp kommune sine heimesider, under fana Skule og barnehage,

eller under lenker på forsida side her. 

Søknadsfrist til hausten  er 1. mai.

Velkommen som søkjar, og velkommen som elev ved Klepp kulturskule!!