Meny
Velg seksjon Framside
Kleppelundvegen 17 4352 Kleppe
Telefon: Rektor 51 42 98 97 Send e-post til oss
Redaktør: Jan Bekkum
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Dette kan vi tilby

TILBOD I KLEPP KULTURSKULE 2017/18

PRISAR:

Instrumentopplæring:1.645,- pr semester. 

Gruppeopplæring:1.470,- pr. semester. 

Instrumentleige og materialutgift kunstfag:335,- pr. semester. 

 

Nytt frå hausten 2016:

Vedtak i hovudutval for skule og barnehage:

For kulturskulen blir det gjennomført slik endring i foreldrebetalinga:

Redusert foredrebetaling p.g.a. låg inntekt vert gjennomført etter dette oppsettet:

Inntekt må dokumenterast med likningsattest frå føregåande år.

Bruttoinntekt i husstanden under kr. 486.750 vert sett til 50% av full pris.

Bruttoinntekt i husstanden under kr. 243.300 vert sett til 25% av full pris.

Søskenmoderasjon vert ikkje innført.

 

 

 

INSTRUMENTOPPLÆRING:Frå 3. klasse. Undervisninga foregår individuelt/i smågrupper.

Pris: 1.645,- pr. semester.

 

Aktuelle instrument: 

STRYKEINSTRUMENT:Fiolin, bratsj, cello. 

TREBLÅSINSTRUMENT:Tverrfløyte, klarinett, saksofon. 

MESSINGINSTRUMENT:Kornett/trompet, trombone, althorn, waldhorn, baryton, tuba. 

TANGENTINSTRUMENT:Piano. 

STRENGEINSTRUMENT:Gitar: akustisk, elektrisk, bass; harpe

SLAGVERK

TREKKSPEL 

SANG,STEMMEBRUK OGSANGTEKNIKK MED VEKT PÅ BELL CANTO.

Klassisk opplæring med vekt på Bell Canto.  

Elevane vil vera ein viktig del av stor operaproduksjon i samarbeid med Hå kulturskule og UiS.

 

GRUPPEOPPLÆRING:All undervisning er i grupper:

Semesterpris for alle gruppefag er 1.470,-.

 

KLASSISK BALLETT

Frå 1. klasse

Tilbod om opplæring i klassisk ballett.

Elevane vert sett saman i grupper etter alder og nivå.

 

DANS

Frå 3. klasse.

Brei danseopplæring med vekt på  ulike stilartar.

Legg vekt på teknikk, rytme og koordinasjon. 

 

DRAMA

Frå 4. klasse.

Hovudvekt på drama og teater, der ein vil få vera med å setje opp eit teaterstykke.

I tillegg vil du få trena på ulike teknikkar og øvingar av dramateknisk art.

  

 

KUNSTFAG

Frå 4. klasse.

Grunnleggjande innføring i teikning, måling, skulptur m.m. 

Undervisninga er i 2 grupper.Nybegynnere og viderekomne.

Undervisningsstad: Klepp ungdomsskule.

Materiautgifter:  335,- pr. semester

 

 

 

Klepp kulturskule er ein skule der fokus på læring og meistring skal stimulere eleven til fagleg dugleik og oppleving.

All undervisning skal vera tilpassa eleven sine evner og ambisjonsnivå.

Kulturskulen krev at eleven møter til timane og gjer øving heime.  

 

ANNA:

MUSIKK FRÅ LIVETS BEGYNNELSE

Foreldre/barn-grupper for barn født i 2010 eller seinare.

Samling kvar veke med song/songleikar, rim og regler.

Sjå Time kulturskule si heimeside.

Tilbodet er eit samarbeid mellom Time og Klepp.

Undervisningsstad: Bryne

Pris: 1.000,- pr. semester. (Pris fastsett av Time kommune 2017) 

 

KORTE KURS

Kulturskulen kan aleine, eller saman med andre arrangera kortare kurs,

som t.d.sjongleringskurs, skapande skriving o.a.

Informasjon om desse kursa vil verta gitt på skulane. 

Pris vert fastsett for kvart kurs. 

 

KORPS

Me har 4 skulekorps i kommunen.

Bore, Kleppe, Orre og Tu.

Korpsa samarbeider med Klepp kulturskule.

Innmelding direkte til kvart korps.