Klepp-elevar på ONS
5 elevar frå 10. trinn på KleppU deltok på innovasjonscamp på oljemessa ONS i Stavanger torsdag 1. september. Dei klarte ein imponerande 3. plass av 36 lag!
Publisert: 07.09.2016 10:31 Sist endra: aldri Forfattar: KleppU_Kjetil
Arrangementet er ein del av den årlege oljemessa, og lag frå mange skular deltok i konkurransen der gruppene skulle finne på lure måtar å spare straum. Monika Tønnesen er til vanleg naturfaglærar og kontaktlærar for 10C, men har og valfaget Forsking i praksis. Elevane som var med på konkurransen har dette valfaget no, eller dei hadde det ifjor. Til slutt vart det altså 3. plass for elevane Tønnes Garborg Rosland (10C), Ane Braut (10C), Kine Oftedal (10B), Benjamin Anda (10A) og Casper Berg Omland (10E). Gratulerer! Vi er stolte av dykk!