Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Trygg skuleveg - bruk lys!

No er det mørkt om morgonen. Pass på at du har refleks, og at sykkelen er i god stand og har lys slik han skal. Politiet kjem ein morgon vi minst anar det, og foretar kontroll!

Elevane i valfaget trafikk har i haust hatt kampanje for å auke bruken av sykkelhjelm. I denne årstida er bruk av hjelm ekstra viktig - sjølv om det ikkje er glatt overalt er det ofte glatte parti på skulevegen der elevar sklir og dett med sykkelen. Å slå hovudet då kan vere svært alvorleg.

Bruk av lys på sykkel er påbudt, og viss du blir stoppa av politiet utan rett lys, kan du få ei bot på 900,- per lys du manglar. Dette vil svi på julegavebudsjettet. Pass på at sykkelen er i god stand, har bremser som fungerer, refleks og lys. Det blir tryggare for deg, for alle andre i trafikken og du risikerer ikkje bot.

Skulen har dialog med politiet om kontrollar på skuleområdet før skulestart om morgonen. Dette kan difor skje når som helst i tida fram mot jul. Betre å vere godt førebudd enn å få bot! Og, ikkje minst, det er tryggare for deg og alle rundt deg.