Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Klagerett i samband med karakterar

Det er klagerett på standpunkt- og eksamenskarakterar. Her kjem info om kva og korleis ein klagar.

For standpunktkarakterar (avgangsfag 10.trinn, Mat og helse 9.trinn, samt avsluttande karakter i valfag) gjeld følgjande:

Meiner du at det har blitt sett feil karakter i eit fag, ber du først om grunngjeving frå faglærar. Det kan óg vere føringsfeil, og det er difor viktig at du uansett tek kontakt med skulen og faglærar før du sender formell klage.

Om du fortsatt meiner det er gjort feil, kan du klage. Det du klagar på er formelle feil ved grunnlaget for fastsetting av vurderinga.

Frist for å klage er 10 dagar etter du har fått standpunkt, eventuelt den dagen du har fått høve til å gjere deg kjent med karakteren.

Klagerett på standpunktkarakter:

- Eleven har rett til å klage på alle standpunktkarakterer dersom eleven mener at gjeldende regler for fastsetting av standpunktkarakterer ikke er fulgt.

- Eleven kan klage selv, og foreldrene kan klage på vegne av eleven fram til han eller hun fyller 18 år.

- Eleven eller foreldrene kan kreve begrunnelse for standpunktkarakteren før de klager.

Du sender klagen til skulen, eller leverer den personleg. Skulen sender klagen vidare til Fylkesmannen i Rogaland, saman med naudsynt dokumentasjon. Dette er grunngjeving frå faglærar samt uttale frå rektor.

Svar på klage vil kome skriftleg. Ein kan få Ikkje medhald, eller Medhald, dvs at då annulerer Fylkesmannen karakteren og sender saka tilbake til skulen for ny vurdering. Då kan skulen bestemme endring av karakter opp eller ned, eller ikkje endring av karakter. Avgjera vert grunngjeve og er endeleg.

Dette betyr at ei klage ikkje nødvendigvis fører til betre karakter, det kan faktisk føre til at endeleg karakter blir sett ned, evt føre til IV (ikkje vurderingsgrunnlag).

 

For klage på karakter i munnleg eksamen:

Her kan du kun klage på formelle feil. Viss klagen fører fram vert eksamen annulert.

For klage på karakter i skriftleg eksamen:

Her er det skulen som sender inn klage, ikkje kandidaten. Elev og føresett tar kontakt med faglærar og ber om ei vurdering. Ein blir då einig i om skulen skal sende klage eller ikkje.

 

For meir info om dette, sjå udir sine sider: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vurdering/behandling-av-klager-pa-standpunktkarakterer-i-fag/