Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4352 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Kjetil Myklebust
Pålogging Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Mobilskule og Schoollink ved fråver og anna

Her kjem litt oppklaring rundt bruken av mobil-løysingar og korleis de som føresette kontaktar skulen.

Skal du gje beskjed om fråver, bruk Mobilskole: Frå mobil sender du melding til 03686, startar melding med KLU "klasse" "Melding". Eksempel: KLU 8A Per er sjuk idag, reknar med han er frisk og rask til imorgon, helsing far(namn er viktig). Denne meldinga får kontaktlærarane for klassen i sin epost. Dei kan óg svare direkte frå eposten på desse meldingane. Dette gjeld alle klassar og alle trinn på Klepp u.

Vi har hatt ein del problem med testinga av Schoollink på dette og ønskjer at de IKKJE brukar Schoollink for meldingar til skulen.

Klepp kommune har innført Schoollink som system for kommunikasjon heim-skule, og dette vil gradvis overta for Mobilskule som Klepp u. har brukt i fleire år. No er vi i ein overgangsfase og dette kan skape noko forvirring, fordi de som føresette kan få meldingar frå begge system. Vi har óg opplevd at det er nokre som ikkje får meldingar, så viss de får nyss om at andre foreldre i same klasse har fått meldingar de ikkje har fått (og skulle hatt), send epost til skulen om det. Vi kan fortsatt ikkje bruke Schoollink til meldingar til elevane, difor vil vi ikkje bruke det fullt ut enno.

Elles oppfordrar vi til å abonnere på nyhende frå heimesida og følgje med på arbeidsplanen til din klasse. Der vil det meste av info komme.